Varaordfører Dagny Sunnanå Hausken.

STAVANGER:

Det var Naturvernforbundet som kom med innspel om at fisterøyane også burde vurderast tatt inn i det nye registeret over kulturlandskap av nasjonal interesse, som Riksantikvaren er i gang med å oppretta.,

Men då forslaget var oppe i formannskapet sist veke fekk forslaget bare støtte frå Venstre, Mdg, SV og Fnb, og falt.

Heller ikkje forslaget frå Senterparteit om å ta Sjernarøyane ut av det foreslåte registeret fekk fleirtal. Bare KrF og Rødt støtta det. Dermed er den offisielle haldninga til Stavanger kommune at forslaget til områder som skal inn i KULA-registeret har kommunen si støtte. Det blir også understreka at KULA-registeret ikkje må vera til hinder for eit levedyktig landbruk og utvikling. Både store deler av Rennesøy, Mosterøy og Sjernarøyane er foreslått tatt med i registeret.