Kåre Nordbø inspiserer jordbærplantene i drivhuset på Finnøy. For jordbærproduksjonen på friland og anna grøntproduksjon, derimot, er usikkerheita likvel stor framfor ein ny produksjonssesong.

FINNØY/RENNESØY: Som ein følgje av koronapandemien og stengte grenser er det stor usikkerheit knyta til om næringa får tilgang til nok arbeidskraft. Våronna er alt i gong i frilandsproduksjonen, og i dei mange tomatveksthusa i både Rennesøy og Finnøy er sesongen også i full gong, og sjølve tomathaustinga står like for døra. Det aukar behovet for ekstra arbeidskraft til å få gjort arbeidet unna.,

                                                 Må ha rask avklaring

-Det me treng nå er raske avklaringar for å unngå at produsentane trappar ned produksjonen av grønt, frukt og bær for å avlasta den økonomiske risikoen i eigen verksemd, uttalar bondelagsleiar Lars Petter Bartnes til organisasjonen si eiga nettside. Særleg bland jordbærprodusentane er risikoen stor for at mange planlegg å redusera produksjonen som ein konsekvens av dette.

,Grøntproduksjonen er definert som samfunnskritisk funksjon, og under dette omgrepet kjem både produksjonen av frukt og bær, grønnsaker og poteter . I desse næringane er mange produsentar heilt avhengig av å ha tilgang til nok kompetent arbeidskraft til eikvar tid. Dette er då i svært stor grad basert på import av utanlansk arbeidskraft.,Meirkostnader som bondelaget nå ber om kompensasjon for, er kopla opp mot bruken av ny og uerfaren sesongarbeidskraft, delvis bortfall av utanlandsk arbeidskraft og kostander til smitteverntiltak, slik ein erfarte det frå fjorårets sesong.,-Nå står ein ny produksjonssesong for døra, men grunnlaget for at desse kostandene skal bli dei same synest å vera like stor. Produsentane tek difor på seg ein stor risiko, og startar opp trass i inngripande smitteverntiltak, kostnadsauke og andre konsekvensar av pandemien, held bondelagsleiaren fram.,-Men for å sikra forsyninga av norsk frukt og bær, er det nå behov for å ha ein viss garanti for at desse auka kostnadane vert kompensert, legg Bartnes til.,Nøkterne anslag for dei auka kostandane som grøntprodusentane er blitt påført på grunn av koronapandemien, har organisasjonen rekna til å vera på omlag 250 millionar kroner.,-Me ber nå om at det blir etablert ei enkel søknadsbasert ordning som kan gi delvis kompensjon for dei ekstraordinære kostnadene, avsluttar bondelagsleiaren.