Det blir fleire favgangar når dei nye ferjerutene blir gjort gjeldande frå nyttår. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

Første nyttårsdag er det slutt på at Finnøy-sambandet trafikkerer Nedstrand og Jelsa med to daglege avgangar. I staden blir det fleire avgangar i den nye ringruta mellom Judaberg og "dei ikkje landfaste øyane".,

Ein gjennomgang av dei nye rutene viser at Sjernarøyane får fleire direkteruter til Finnøy. Medan det i dag er sju direkte avgangar Helgøy/evt inkl. Nord-Hidle til Judaberg, blir det nå 9. Frå Judaberg blir det 9 direkteruter til Sjernarøyane, mot seks i dag.

Den store flaskehalsen i Finnøy-sambandet har vore fredag innover til Helgøy, og søndag tilbake. Her blir det nå eit betre tilbod. Mellom 12 og 20 blir det ni avgangar, og fire av desse er direkte. I dag er det seks avgangar i dette tidsromet, og bare to går direkte frå Judaberg til Helgøy.

Søndag mellom 12 og 20 blir det sju avgangar Helgøy-Judaberg, og fem av dei går direkte frå Helgøy/evt Nord-Hidle til Judaberg. I dag er det fem avgangar i tidsromet, kor 3 av dei går direkte.

Fogn får like mange avgangar som i dag, 11, men ein meir i helgene, mens Halsnøy får 11 til Judaberg og 10 frå. Det er ein meir enn i dag. Også i helgene blir det eit ekstra anløp her.

Eidsund får 10 frå Judaberg og 9 til på kvardagar, og 9 og åtte frå og til i helgene. Før nyttår var det 10 frå Judaberg 9 til kvardagar, og 9 frå og 8 til i helgene.