RENNESØY

: Innbyggjarane i Rennesøy er så heldige at dei har to aviser som kjempar om lesarane. Bygdebladet i Randaberg har lang tradisjon i kommunedelen som strekkjer seg tilbake til då Rennesøy si eiga avis «Heimdrag» la inn årene.,

Øyposten med base på Judaberg har i mange år hatt lesarar i Rennesøy, men har nå for alvor kome på banen som ein følgje av at Finnøy og Rennesøy begge er gått inn i Nye Stavanger kommune.

-Rennesøy og Finnøy har dermed havna i same båt med mange felles interesser i den nye kommunen. I denne situasjonen er det viktig å ha eit felles organ som kan tala øyane si sak, seier redaktør Rune Nedrebø i Øyposten.

Fredag frå 11-12 blir det anledning til å stifta nærare bekjentskap med begge avisene på Innbyggartorget i Vikevåg.

-Me legg opp til ein uformell drøs, kor folk kan koma med tips og synspunkt på dei to avisene, seier Tina Nådland i Innbyggartorget til Øyposten.