Hummarfiskarane Sverre Asheim tv. og Thorstein Pedersen, viser stolt fram eit par flotte eksempel på havets kardinal frå årets hummarfiske. Foto: Jon Asgaut Flesjå

FINNØY/RENNESØY:

Årets hummarfiske er slutt i morgon, tysdag 1. desember. Blant dei som har delteke i jakta på havets kardinal er hummarfiskeveteranen på Mosterøy, Jostein Haugvaldstad.,

-På dei 10 teinene som eg kan ha på båten min, så har eg fått 31 fine hummar. Og det er eg veldig godt fornøyd med, seier Haugvaldstad tilfreds.

-Det positive er også at eg har kasta mest like mange tilbake på sjøen, slik lovverket krev, fordi dei var fulle av rogn. Då kan dei vera med å auka populasjonen og rekkruttera nye gode fangstar i åra som kjem, håpar han.

-Ja, eg har til og med måtta ta opp hummar som har lege i brønnen ei stund for så å sleppa dei på sjøen att, fordi dei har produsert masse rogn også etter at eg fanga dei. Så nå må eg berre sjå til å få eta dei opp. Men også det kan bli ei utfordring i desse koronatider, der private selskaper skal minimaliserast, ler Jostein Haugvaldstad.

-Steng gjerne i fem år

Ved si private brygge ved Faaholmen på Judaberg, er også mangårig krabbe- og hummarfiskar Sverre Asheim i ferd med å setja sluttstrek for årets hummarfiske. Saman med Thorstein Pedersen har han vore ute og drege opp teinene for siste gong i år, og er nå i ferd med å leggja dei i opplag til neste år.

-Sjølv om også vi har fått bra med hummar i dei 10 teinene med har hatt ute, 35 stk. i talet, så er eg veldig usikker på om hummarbestanden eigentleg er i ferd med å ta seg opp igjen, seier nå pensjonist og hobbyfiskar, Sverre Asheim.

-Det positive også her i vårt område, er at me har kasta svært mykje hummar med rogn på sjøen att. Så i det perspektivet kan det gi eit visst håp om at bestanden kan ta seg opp igjen. Men då må han få tid til å formeira seg, undertrekar Sverre.

-Så du tek eigentleg til orde for ei fredning i enkelte område?

-Ja, eg trur at skal me få opp igjen hummarbestanden til det nivået som var på slutten av 1900- talet , så må me berre stengja ned alt. Gjerne i fem år, slår Asheim fast. -Det trur eg alle som er glad i å fiska hummar ville vera tent med. Og eg trur også det er svært få yrkesfiskarar att her i vårt område, der akkurat sjølve hummarfisket er den viktigaste inntekstkjelda. Så i det perspektivet trur eg alle ville vera tent med ei nedstenging over ei viss tid, avsluttar Sverre Asheim.

Men før den tid kjem, så skal både han og Thorstein også i år unna seg både ein og to skikkelege private hummarfestar, med alt som høyrer til eit slikt festmåltid.

Privatfiske utraderer yrkesfiskarar

Tor Bernhard Harestad er formann i Stavanger og omegn Fiskarlag, og meiner fortsatt at det er behov for ei totalfredning av hummarfisket, både rundt Stavanger og innover i Ryfylke.

-I tillegg bør privatfiske regulerast  kraftig. Det blir jo heilt feil at om berre du har ein båt ,så skal du få lov til å ha heile 10 teiner som du kan fiska hummar i.Det betyr at i ein familie kan både far,son,og gjerne kona med ha heile 30 hummerteiner om dei berre har tre båtar dei kan fordela dei på, seier ein engasjert  yrkesfiskar.

Han fortel at det berre er 10 yrkesfiskarar igjen som har dette som ei viktig biinntekt ,og at ingen privatperson treng 30-40 hummar til eige bruk.

-Difor ser me også at det blir annonsert svært mykje privat sal av hummar.Og det var vel ikkje det som var intensjonen med det nye lovverket , spør Harestad.

-Fem hummerteiner i ein familie bør vera tilstrekkelig.For slik som det er nå, så utraderer det private hummarfiske det kommersielle fiske for oss yrkesutøvetar. Mykje også fordi ein ikkje har kontroll med det,og fordi det er svært mykje ulovleg fiske. Det er den største trusselen mot både humnarbestanden, og oss yrkesfiskarar , slår regionale fiskarlagsleiaren på Bru fast.