FINNØY: I den gjeldane kommuneplanen blei det nemleg alt i 2015 lagt inn eit rekkefølgekrav om at ei eventuell ny bustadutbygging på Reilstad ikkje kan setjast i gong før det føreligg ei ferdigstilling av ein fullskala gang- og sykkelveg mellom Vikekleiva på Judaberg og Reilstad. Per i dag er det kun strekninga mellom rundkjøringa på Kvame og Vikekleiva på Judaberg som er ferdig regulert, men også arbeidet med å regulera den resterande strekninga frå Kvame og ut til Reilstad har starta opp. Men det store spørsmålet vedrørande finasieringa av både strekninga Kvame-Vuikekleiva, og ikkje minst Kvame-Reisltad, er framleis langt uti det blå.,

B

ustadautbygging i Reilstad sentrum

Som Øyposten omtala i eiga sak for ei tid tilbake , så er nå det langtekkelege arbeidet med reguleringspalnen for Reilsatd sentrum også ferdig. Denne planen skal mellom anna gi plass til eit femtitals bustader i Reilstad sentrum. Heile 37 av desse har brødrene Oddvin og Erlend Eggebø fått innregulert på sin eigedom frå Reilstad sentrum og sørvestover mot idylliske Badevik.

,-Sjønære, sørvendte og ikkje minst attraktive bustadtomter som nå blir sett på vent på ubestemt tid,fortel Erlend Eggebø.,-Det faktum at denne gang- og sykkelvegen ikkje på nokon måte ser ut til å bli ferdigstilt på lang tid, set ein effektiv stoppar for all utbygging i dette ferdigregulerte bustadområde, og det er ei utfordring for heile utviklinga av Reilstad, legg Oddvin til.,Arbeidet med reguleringa av dette busdafeltet starta opp for over meir enn 10 år sidan. I gjeldane kommunepaln er det også klare føringar for at framtidig bustadutbygging på Finnøy skal skje langs aksen Judaberg -Reilstad.,-I det perspektivet er det ikkje berre gåande og trafikkantar på strekninga Kvame- Vikekleiva som bli skadelidane, men også vi som har lagt ned enormt med tid og pengar i å få på plass ein reguleringsplan som gir rom for bustadutbygging og vidare utvikling på Reilstad, avsluttar dei to brødrene Eggebø.