FINNØY: Julekonserten var med sangelevane på Finnøy som går i musikk- og kulturskulen.,

-Sidan alt rundt konsertar og publikum var uvisst tidlegare i haust, begynte me tidleg å planleggja ein annanleis konsert i år. Me inviterte foreldre og delte arrangementet på facebook om at me skulle syngja på kaien på Judaberg. Alle var velkomne, men måtte stå med god avstand. Elevane hadde øvd i fleire veker på mange ulike julesongar, opplyser sangpedagog Iselin Jacobsen til Øyposten.

Først ute var dei yngste i musikkskulen, som song i tre kvarter, og det same gjorde dei eldste som kom etterpå.

-Alt i alt ein vellukka konsert med mange som kom for å høyra på. Dessutan fekk alle som var på hadletur denne kvelden med seg den flotte musikken, som me håpar sette alle i god julestemning, seier Jacobsen.