Margerta Reilstad ser fram til kvardagen blir normal igjen. Då skal ho flytta i eigen bustad og få klemma sine kjære. Foto: Oddbjørg Måland.

FINNØY:

Det seier Margreta Reilstad (90) som var den fyrste som fekk vaksine på sjukeheimen på Finnøy 5. januar. Pasientane her var saman med pasientane på Tasta sjukeheim dei fyrste i kommunen som blei vaksinerte.,

- Det hender me lukker døra og lurer oss til å klemma littegrann. Me er vane med det heimanfrå og det kjennes litt vondt å ikkje få gjera det, fortel Margreta, som ventar på å få flytta ut av sjukeheimen og inn i omsorgsbustad.

Sjølv om alle pasientane på sjukeheimen på Finnøy er no ferdig fullvaksinerte, kan likevel ikkje verksemdsleiar Gaute Tengesdal lova at dei vil letta på trykket med det første.

-

Nei, det kan eg diverre ikkje. Me rettar oss etter anbefalingane ifrå kommunen, og førebels er det ikkje lov med lokale variasjonar, seier Tengesdal, som likevel trur på enkelte lettelsar snart.,

- Kva er det fyrste du vil gjera når kvardagen ein gong blir normal igjen?

- Då vil eg samla alle mine rundt meg, det skal bli godt. Eg har ikkje sett oldebarna på lang, lang tid, men eg tenker mykje på dei. Så vil eg treffa veninna mi gjennom 90 år, Kjellaug Vignes. Me vaks opp saman på Reilstad og har framleis mykje å snakka om. Det er lenge sidan me har treftest, men me snakkar ofte på telefonen. Når eg kjem i eigen bustad reknar eg med at kvardagen er tilbake til normalt og at det blir lettare å omgåst kvarandre. Men eg klagar ikkje, eg er heldig som får vera her og har det godt på alle måtar.

Også blant dei tilsette er vaksineringa godt i gang. Nokre har allereie fått to gonger og er dermed ferdige, medan andre manglar dose to.

- Når det gjeld dei tilsette har me prioritert dei i størst stillingar. Det har å gjera med at konsekvensane kan bli store viss mange i full stilling eventuelt blir sett ut av spel. Men me vaksinerer fortløpande og vil ha det gjort så fort som råd, også i forhold til stadig nye virusmutantar. Jo fleire som er vaksinert jo færre tiltak er nødvendige, seier Tengesdal.