Det blir nye vekskter i beda på Judaberg sentrunm i år. Leiar i Hagelaget Rune Nåden Dyrstad og kona Dagrunn. Foto: Arkiv.

FINNØY: For i ei årrekke nå,har medlemer i Finnøy Hagelag kvar vår pynta,planta og stelt for å gjera det triveleg og vakkert i sentrum.,

Laurdag føremiddag var igjen hageentusiast og leiar av Finnøy Hagelag, Rune Nåden Dyrstad saman med kona Dagrunn i sving med å frese opp og rydde i det store blomsterbedet like ovanfor den gamle kaien på Judaberg.

-Nå skal me putte fleire bøtter med knollar  i jorda, slik at det vert tidleg vårblomstring i sentrum også neste  år, smiler Nåden Dyrstad, i det han slår av motoren på den vesle medbrakte jordfresaren. I mellomtida har kona Dagrunn rydda og gjort knollane klar til å bli putta ned i det mjuke og nydressa blomsterbedet.

Og medan novembersola kastar nokre svakt lindrande solstråler over eit julepynta sentrum, blir dei siste blomsterknollane dekka til med jord.Også det som eit teikn på at det snart går mot lysare tider. Og om berre tre veker snur igjen sola....