Mange manglar ved bruer og kaiar i øyane

Kommunen konkluderer med at mange av kaiane og bruene i øyane treng nærare inspeksjon. Det er avdekket feil og manglar ved dei fleste bruer og kaier i kommunen. Bare ein kai er utan anmerkingar.

Denne brua på Kyrkjøy i Sjernarøyane har «alvorleg svikt i bæreevne».
Publisert: Publisert:

FINNØY-RENNESØY: Ei bru har «alvorleg svikt i bæreevna». Det gjeld brua i Lundarvågvegen på Kyrkjøy i Sjernarøyane.

Elles er det nødvending med spesialinspeksjonar, og i dei fleste tilfelle også undervannsinspeksjonar, på desse kaiane og bruene.

Bruer: Skår bru treng spesialinspeksjon, og det same gjeld Tuftene bru, begge på Ombo.

Når det gjeld kaiar er konklusjonen dette:

Ombo Jørstad Vågen kai, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Aubø Kalveneset kai, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Ombo Tuftene kai, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Finnøy Judaberg kai, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Fogn Eidsvåg kai, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Fogn Sørvåg kai, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Fogn Sørbøvågen, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Rennesøy Låder kai, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Vikevåg kai 1, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Vikevåg kai 2, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Askje kai 2, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.
Askje kai 3, spesialinspeksjon og undervannsinspeksjon.

Tydelege teikn på svakheter i brua i Lundarvågvegen på Kyrkjøy.

Kommunen ser det som «bekymringsfullt» at dei fleste bruer og kaiar har anmerkingar, og at det er avdekka eit stort behov for rehabilitering. Kaiane blir mykje brukt året rundt av friluftsinteresserte og båfolk, og det er difor viktig at dei er i god forskriftsmessig stand og ikkje er utrygge, meiner kommunen.

Vedlikehald av kaiar og bruer er prioritert frå kommunen si side, noko som betyr at det vil bli utført meir vedlikehald og rehabilitering i åra som kjem, heiter det frå Stavanger kommune.

Kommunen har mellom anna søkt Statsforvalteren i Rogaland om løyve etter forureiningslova til riving og reetablering av Austre Åmøy kai, noko som er innvilga.

Kaiar i Vikevåg treng også inspeksjon.