Den nye speidarbåten "Obelix" er alt tatt i bruk.|"Obelix" skal mellom anna brukast til følgebåt ved opplæring av speidarane til bruk av båt.||På tur med den nye speidarbåten.

TALGJE: -Dette åpnar heilt nye muligheter for oss, seier Jone Ullenes til Øyposten.,

Han er gruppeleiar for Finnøy og Talgje KM-speidar.

Speidarane fekk båten rett før påske, ein 20 fots Øien med ein 70 hesterkrefters påhengs bakpå, og båten ligg nå fortøyd ved speidarbasen i Gongstø på Talgje. Båten har også alt fått eit namn: "Obelix".

"Obelix" skal mellom anna brukast til følgebåt ved opplæring av speidarane til bruk av båt. Foto: FOTO: Privat

Det var etter at speidarane fekk ei gåve på til saman 220.000 kroner frå Sparebankstiftelsen SR Bank, Sparebanken Vest, Grieg Seafood og Kloster legat, at dei fekk råd til å kjøpa båten. Dessutan fekk dei eit veldig godt tilbud frå båtforhandlaren i Egersund.

Ifølge Ullenes er båten ein framifrå sjøbåt, med høg rekke og utstyrt med lanterner og lyskastar, noko som gjer at dei ser for seg å bruka han også på fine dagar og kveldar året rundt.

Frå før hadde speidarane to eldre seilbåtar pluss ein liten Pioner med påhengs, men etter at dei fekk nybåten har dei kvitta seg med den eldste seilbåten.

-Me vil bruka båten på turar til øyar og holmar i området her. Til dømes er det ikkje lange turen til Rossøy, kor det er veldig flott tilrettelagt for friluftsaktivitetar. Me kan også bruka båten til fisking og bading, og ikkje minst til strandrydding, seier Jone Ullenes.

Dessutan er planen å gje barna opplæring i bruk av båt. Då kan dei få prøva seg i Pioner'en, mens "Obelix" blir brukt soim følgebåt.

-Me er faktisk dei einaste som tilbyr barn opplæring i båt i heile området, bortsett frå Redningssselskapet. Men dei held til i Stavanger, seier Jone Ullenes.

Båten er alt blitt teken i bruk, og har hatt sin første fisketur på fjorden med speidarane. Denne veka var stifinnartroppen på Rossøy med "Obelix".

-Då kunne me frakta ti ungar og vaksne på ein tur som bare tok fem minutt over frå Talgje, trass i litt vind og bylgjer. Båten har med andre ord viste seg som eit ypperleg transportmiddel, seier Jone Ullenes.

Finnøy og Talgje KM-speidar består av 65 barn og leiarar, og har også base på Eggebøstemmen på Finnøy.

På tur med den nye speidarbåten. Foto: FOTO: Privat