Dagleg leiar i CoopExtra, Sven Inge Goa, tener godt på å skifta ut dei gamle tradisjonelle lysrøyra.

FINNØY:

Dagleg leiar, Sven Inge Goa, seier til Øyposten at med dagens straumprisar er nyinnstalleringa nedbetalt på to år.,

- Me har hatt ein gjennomgang av anlegget, og fann ut at det kan vera mykje å spara på å byta til LED-lys. Med dagens skyhøge prisar er det lurt å ta grep no for å rusta oss betre framover. Me gjorde det same på Byggmixen i januar fjor, men der blei sjølvsagt ikkje utslaget så stort, men lyset blei mykje betre. Det blir det her også, i tillegg til at me slepp arbeidet med å skifta lysrøyr.

LED-lys er svært energieffektivt, og bruker rundt 80 prosent mindre energi enn dei gamle glødepærene.