Ordførar Kari Nessa Nordtun får kritikk frå brevskrivaren.

FINNØY:

Det er Henrik Halleland som har tatt dette opp med ordføraren som meiner det kan vera vanskeleg å gi støtta når folk på eige initiativ har henta flyktningar.,

Dette var heilt i begynnelsen av ei flyktningekatastrofe verda ikkje har sett sidan andre verdskrigen. Ingen var heilt forberedt på at dette skulle koma,  verken kommunar eller regjeringen. Så er der heldigvis private initiativ som virke, som tar ansvar og gjer deler av den jobben som vi visste ville koma og som må tas uansett. Då er det uhøyrt av ein ordførar å vera så avvisande til å støtta, ein ordførar som kjem frå eit parti ein skulle forventa meir av.

Nyleg kom det 20 flyktningane til Utsyn på Finnøy. Foto: FOTO: Per Thime

I ein slik situasjon som vi har i Europa nå, der millionar av flyktningar velter inn i nabolanda, kan umuligt alt gå på skinnar. Dugnadsånda viser sin styrke, folk står opp, jobbar natt og dag saman med styresmaktene og hjelpeorganisasjonar i mange land for at desse stakkars folka som har rymt landet sitt for å berga livet, skal få seg ein midlertidig eller permanent oppholdsstad.  Når situasjonen er så kaotisk så kan ein ikkje forventa at alt blir gjort i rett rekkefølge, folk er tross alt opptatt av å finna praktiske løysningar, ta seg av og hjelpa traumatiserte personar på best måte. Då må ein sleppa å høyra slikt byråkratisk pjatt som ordføraren kjem med, at slikt må avklarast på førehand.

Arild Flesjå