Er det eigentleg behov for Hjem for ein 50-lapp?

Ingen av dei sju som hadde bestilt Hjem for en 50-lapp laurdag fyrste helga etter at ordninga blei gjeninnført, møtte til avgang. Berre èin avbestilte turen.

Svært få ungdommar i Finnøy har nytta seg av Hjem for en 50-lapp etter at ordninga blei gjeninnført for to veker sidan. Leif Kåre Larsen køyrer maxitaxien frå sentrum til Finnøy.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Dersom det er slik at ingen bryr seg med å avbestilla taxien, må kommunen vurdera om det er eit reelt behov for eit slik tilbod.,

- Eg veit det kan vera lett å gløyma seg ut, men alle som har bestilt må hugsa å avbestilla om dei ikkje skal nytta seg av returen. Det kan ikkje seiast oftast nok. Når alle plassane er bestilt, vil andre som faktisk har behov for maxitaxien avvisast, seier Imme Dirks Eskeland i kommunen.

Ho opplyser at andre laurdagen, som var sist helg, var det to ungdommar som hadde bestilt Hjem for en 50-lapp. I tillegg var det to som dukka opp til avreise klokka 0002 frå Stavanger sentrum.

- Kva tenker kommunen om dette?

- Det går sjølvsagt ikkje an å ha det slik, me må vita at dei som har bestilt faktisk skal reisa. Viss ikkje står tilbodet i fare. Me ønskjer å diskutera denne situasjonen med ungdommane det er aktuelt for, og vil difor invitera dei til eit møte på innbyggartorget på Judaberg. Me vil vita om det er eit behov for transport, og korleis ein skal hindra at slike ting skjer igjen. Det går og an å tenka at viss det er dei same personane som alltid «gløymer» å avbestilla, så går det an å utestenga dei frå ordninga, seier Dirks Eskeland som ikkje vil føregripa eit eventuelt utfall før møtet med ungdommane.

Målet er at møtet skal vera anten før påske eller rett etter påske.

Publisert: