Henrik Halleland er ikkje nøgd med svaret han har fått om arbeidsgjevaravgifta.

STAVANGER: Halleland sende for kort tid sidan brev til ordføraren med spørsmål om kva kommunen visste om skjerpinga av arbeidsgjevaravgifta, som regjeringa vedtok før jul. Nå foreligg svaret, og Halleland er langt frå nøgd.,

-Det opprører meg. Kommunen har vore alt for dårleg til å varsla bedrifter og næringsliv om kva som ville skje, og når den politiske leiinga lovar å ta saka vidare nå, er det alt for seint, meiner Halleland.

Han viser til at spørsmålet om Finnøy skulle få behalda ein lågare satsa for arbeidsgjevaravgifta, var eit sentralt tema under forhandlingane om Finnøy skulle gå saman med Stavanger og Rennesøy.

Protokollar frå møta, som Øyposten har fått tilgang til, viser også det. Dei viser også at kommunen var fullt klar over at det kunne koma endringar, og at dette var eit tema som Stavanger skulle engasjera seg i for at Finnøy kommunedel fortsatt skulle ha redusert arbeidsgjevaravgift.

-Dette er det viktigaste distriktspolitiske verkemidlet me har. Forslaget om endring kom alt i oktober, men det er ikkje blitt gjort eit slag for å forhindra dette frå kommunen si side. Det er eg ganske sikker på, seier Halleland.

Svaret Halleland fekk frå kommunedirektøren på spørsmål om kva kommunen visste, er dette:

Kommunedirektøren informerte formannskapets medlemmer i et notat utsendt på epost 13.10.2021 om at det ble foreslått endringer i ordningen med differensiert arbeidsgiveravgift (endringer i virkeområdet). Effekter for Stavanger kommune som organisasjon ble omtalt, men ikke næringslivet i Stavanger kommune:

«I tillegg foreslås visse justeringer i ordningen med differensiert arbeidsgiveravgift (endringer i virkeområdet). For nye Stavanger kommune utgjør dette om lag kr 0,5 mill. i kompensasjon gjennom rammetilskuddet.»

Kommunedirektøren informerte også om mindre endringer som kom i forbindelse med Tilleggsforslaget fra Støre-regjeringen den 8. november, se Handlings- og økonomiplan 2022-2025 Tilleggsinnstilling, kap. 2.3.3:

«Differensiert arbeidsgiveravgift; i forbindelse med at nytt virkeområde for differensiert arbeidsgiveravgift (DA) skal gjelde fra 1. januar 2022, er det i forhandlingene foreslått at ytterligere tre kommuner får endret sone og dermed endret arbeidsgiveravgift. Effekten av dette utgjør kr 2,6 mill. og rammetilskuddet foreslås tilsvarende redusert[1].»

Svaret frå ordføraren om kommunen vil gjera noko for å endra vedtaket, er dette:

Ordfører og varaordfører har tatt kontakt med regjeringen for å se på mulighet for tilbakeføring. Det forventes ellers at alle parti jobber opp mot sine representanter nasjonalt.

-Dette er alt for dårleg, og alt for seint. Det viser at det har svikta i alle ledd. Eg er redd årsaka er at det er for lite interesse i Stavanger for kva som skjer i utkantane i kommunen, meiner Halleland.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp). Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken seier at endringa, som blei vedteken i Stortinget før jul, kom fullstendig overraskande på henne.

-Eg visste ingen ting om dette. Eg vil prøva å nøsta opp i kva som har skjedd her, og om det blei gitt nokre løfter til Finnøy under forhandlingane om den nye kommunen. Uansett kjem eg til å engasjera meg sterkt i denne saka, for å sjå kva rom me har for å gjera noko.

-Redusert arbeidsgjevaravgift er eit av dei viktigaste verkemidla me har i distriktspolitikken, og det er spesielt viktig at øyane i Finnøy utan fatslandsforbindelse fortsatt får nyta godt av dette. Men viss dette er noko EU bestemmer over, som det kan sjå ut som, skremmer det meg, seier Sunnanå Hausken.

Det har ikkje lukkast å få kommentar frå næringssjefen i Stavanger til saka.