Desse skal ta hand om deg viss du blir sjuk

Tysdag gjekk startskotet i Hjelmeland for utdanninga av det første kullet frå den desentraliserte sjukepleiarutdanninga i Ryfylke.

Publisert: Publisert:
Det første kullet med sjukepleiarstudentar som skal utdannast i Ryfylke.

HJELMELAND: –Eg er stolt over at vi kan tilby denne utdanninga i Ryfylke. Det er eit stort behov for sjukepleiarar. At vi tar det samfunnsansvaret og tilbyr 30 studieplassar her inne. Det er ein gledas dag!, seier Bjørg Oftedal, som er dekan ved Det helsevitskapelege fakultet ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Ho takkar òg kommunane Hjelmeland, Suldal, Sauda og Strand, og Ryfylke IKS for samarbeidet som har som har gjort denne utdanninga mogleg

Tilbodet om fleksibel og distriktsvenleg sjukepleiarutdanning er for folk som er busette i Ryfylke og som ikkje kan møta på campus dagleg for å studera.

87 søkte, og det er no tatt opp 30 studentar frå samarbeidskommunane Hjelmeland, Sauda, Strand og Suldal, i tillegg til andre område i Ryfylke.

Å kunne studera der eg bur betyr alt

–Det å få studera i heimkommunen min der eg bur betyr alt for meg. Moglegheita til å kombinera ein bachelorutdanning med etablert familieliv i distriktet var ein unik sjanse eg ikkje kunne la gå frå meg.

Det seier den ferske sjukepleiarstudenten Hanna Katharina Hurme (37). Ho er tobarnsmor, helsefagarbeidar i heimetestene og busett i Suldal kommune, 12 mil unna Universitet i Stavanger. Ho fortel at det ville vore umogleg for henne å studera sjukepleie på vanleg måte.

Stine S. Førland (21) fortel at det var vanskeleg å få jobb som helsefagarbeidar. Derfor vart det eit naturleg val for henne å søka sjukepleiarutdanninga.

– Eg gledar meg til å jobbe som sjukepleiar her i Ryfylke. Det er her eg trivest, legg ho til.

Unik utdanning nasjonalt

– Det som er unikt med denne utdanninga er at det er eit fulltidsstudium, medan dei fleste desentraliserte utdanningar er på deltid, fortel prosjektleiar Marie Undheim ved UiS.

Dette har vore eit bevisst val basert på tidlegare erfaringar og tilbakemeldingar frå studentar.

– Fleire andre utdanningar har tatt kontakt med oss i løpet av dette året, og det er òg oppretta eit nasjonalt nettverk for fleksibel utdanning som vi er ein del av. Det er mange som følgjer med og ønsker å høyra om erfaringane våre i dette prosjektet, seier ho vidare.