Aktivitetspark på Judaberg på programmet

Planane for aktivitetpark på Judaberg stå på programmet når Innbyggartorget inviteter til å «dela eit måltid med ein folkevald» onsdag kveld neste veke.

Publisert: Publisert:
Planane for aktivitetsparken, slik han foreløpig er skissert.|Bjarne Kvadsheim blir med på møtet.

FINNØY:

Det er leiaren i utvalet for kultur, idrett og samfunnsdialog, Bjarne Kvadsheim som stiller saman med leiaren i kommunedelsutvalet, Birger Hetland. På menyen står clubsandwich frå Bygdakokken.,

På programmet står planane for aktivitetspark på Judaberg, kor parken skal liggja og kva han skal innehalda.

Pump track, skateanlegg, klatreanlegg og parktour er nokre av stikkordas, som bør engasjera bygdas unge.

Bjarne Kvadsheim blir med på møtet.