Erik Astad (t.v.) og Arild Flesjå kjem til å banka på kvar dør på Finnøy for å samla støtte mot luftspenn over øya.|

FINNØY: Dei to finnøybuane er i gang med å laga biletmontasjar som viser dei nye kraftmastene ulike stader i landskapet på øya. Dette vil dei ta med seg når dei tek runden for å samla underskrifter.,

Arild Flesjå har vore på Jæren og tatt bilete av mastene som er aktuelle på øya, og dei skal monterast inn i bilete tatt ulike stader på øya, for å illustrera korleis eit luftspenn vil ta seg ut.

-Blir dette ein aksjon bare på Finnøy?

-Ja, sjølv om me har kontaktar både på Fogn og Rennesøy, så har ikkje me kapasitet til meir enn Finnøy. Men det er å håpa at også dei vil foreta seg noko, det trur me dei vil, seier Astad og Flesjå.

-Nyttar dette?

-Me kan i alle fall ikkje la vera å prøva, svarar Arild Flesjå, som påpeikar at den nye kraftforbindelsen blir bygd for å stå i 80 år.

-Dette må sjåast i eit langsiktig perspektiv. Deler me ekstrakostnaden ut på 80 år blir biletet eit heilt anna enn om ekstrakostnaden tas her og nå, meiner han.

Både Astad og Flesjå peikar på at Lyse tener store pengar for tida, og bør ha råd til til å tenkja på alternativer.

-Men dei tenkjer bare profitt. Det er trass alt lagt sjøkabel heilt til England, så det er ingen umulighet. Og Arild her var med og grov ned kabel til gartneriet på Lauvsnes, som gartnaren betalte sjølv. Då må Lyse kunna stilla opp nå, meiner dei.

Dei to har forfatta eit lengre brev til Øyposten, som understøttar argumenta mot luftsspenn. Her heiter det mellom anna at luftspenn vil bety:

  • Rasering av Finnøy-landskapet – mastene og luftspennet vil være synlig for alle enten vi er på sjøen eller ferdes over land

  • Betydelige ulemper for landbruket – luftspenn vil båndlegge eller gjøre det vanskeligere å utnytte produktive arealer. Det vil ytterligere øke presset på et landbruk i motbakke og føre til enda større utfordringer med lønnsomhet og drifts-sikkerhet

  • Ødeleggelse av «merkevaren Ryfylke» - et vakkert Ryfylke vil ikke lenger være bare vakkert, og kanskje så lite vakkert at merkevaren vil tape i konkurransen om reiselivet

  • Store skader på fuglelivet – luftspenn dreper kontinuerlig fugl og bryr seg ingenting om de er rødmerket eller spesielle for området

  • Negativ effekt på folkehelsen – stråling, støy og nedsatt opplevelseskvalitet for alle som ferdes ute

  • Svekket beredskap – sårbart i forhold til sabotasje eller krigshandling (Se til Ukraina)

  • Tidkrevende prosess – plan om monstermaster og luftspenn vil møte betydelig motstand, og det vil derfor ta lang tid før eventuelle planer kan gjennomføres. Ulempe for næringslivet å måtte vente på kraft