Glen Flesjaa i Tatoo-stuioet sitt på Ombo, turleg eit av dei mest unike i landet.|Frå arbeidsbenken har ein utsikt over fjord og fjell som kan ta pusten frå nokon og einkvar.|Får du lyst, kan du gjerne få eit friluftsbad, seier Glenn Flesjaa.

Av Rune Nedrebø,

OMBO:

Glenn Flesjaa, opphavleg frå Finnøy, viser Øyposten stolt rundt i studioet. Ein amerikanar som var på besøk, blei så overvelda av plassen og utsikten at han ganske kjapt slo fast at dette måtte vera det mest fantastiske tatoo-studioet i verda.,

Studioet heng som eit ørnereir høgt oppe i åssida, nesten oppe på Tjeldtveit på Ombo. Frå arbeidsbenken ved vinduet kan Flesjaa ta den mektige ryfylkenaturen ufiltrert inn.

Frå arbeidsbenken har ein utsikt over fjord og fjell som kan ta pusten frå nokon og einkvar. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Midt i lokalet står benken kor kundar kan la seg tatovera med den same, beroligane utsikten. I taket, rett over benken, har Flesjaa teikna ein mektig, japansk drage. Dragemotiv er det over alt i studioet, og på eine veggen heng til og med eit ekte skutebilete av landets einaste kvinnelege marinemalar, Bente Storm Juliussen, ekskona til den ikkje ukjente Ivan. Det er eit bilde Glenn Flesjaa har fått i gave.

Friluftsbad

Rett utanfor studioet renn ein brusande bekk ned mot fjorden. Her har Glenn Flesjaa laga til ei avkjølande friluftsbad med den same slåande utsikten.

Heimen til Glenn og Line Flesjaa var eigentleg bygd som hytte, men dei bestemte seg for å forlata bylivet i Sandnes til fordel for fred og ro på Ombo.  Annekset, som inneheld tatoo-studioet, kom på plass etter kvart.

-Me trivst veldig god her. Det er eit litt anna liv enn før, som var det me ønskte, seier begge.

Glenn Flesjaa har fortsatt tatoo-studioet sitt i Sandnes, men trur han fint kunne hatt kunder nok på Ombo til å gjera eit levebrød av det.

Interessa for tatovering blei sådd på fotballbanen på Finnøy, kor det var ein kar med flotte tatoveringar.  Den første innføringa i kunsten fekk han i det som den gong var ei typisk taverings-sjappe, eit mørkt lokale på Løkkeveien med tilknytning til MC-miljøet.

I lære i Japan

Seinare reiste Glenn Flesjaa til Japan og jobba i tatoo-studio både i Osaka og Tokyo for å fordjupa seg i japansk tatoo-kunst. I 2005 var han klar til å starta for seg sjølv med eige tatoo-studio i Sandnes. Nå vekslar han mellom jobben i Sandnes og livet på Ombo.

Får du lyst, kan du gjerne få eit friluftsbad her, seier Glenn Flesjaa. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Kvart motiv teiknar han sjølv, men kunden må sjølvsagt godkjenna det før han kan gå i gang.

-Eg har min eigen stil, du kan gjerne kalla det ein miks mellom japanske motiv og viking-motiv, seier Flesjaa, som vurderer å trappa litt ned til fordel for eit rolegare liv på Ombo.

- Eg har lyst til å prøva meg litt både på treskjering og malarkunsten. Det er viktig å nyta livet mens du kan, me må leva nå, og ta kvar dag som han kjem, seier Glenn Flesjaa.