Kjetil Berdal t.v og Christian Grove er i gang med å støypa stolpesko. Foto: Ole Klingsheim.

FOGN:

Det er stolpesko som skal bera konstruksjonen av hytta som skal på plass.,

Kjetil Berdal og Christian Grove kom til Fogn i dag tidleg. Dei to har reist rundt på Vestlandet og gjort den same jobben på fleire av dagsturhyttene. Etter at fundamentet er ferdig er det berre å venta til hytta kjem til øya.

Båten som skal frakta hytta til Fogn går frå Stadt i løpet av denne veka. Båten skal innom Suldal, Hjelmeland, Sola og Randaberg, difor er det vanskeleg å sei nøyaktig når den er framme på Fogn.

Klar til sommaren

Hytta kjem i store modular til kaia på Sørvåg. Veka etter skal modulane flys til Ørnakulå med helikopter. Det er venta at hytta skal stå ferdig i løpet av juni.

- Sjølve monteringa tek berre rundt èin time. Men det er mykje arbeid som gjenstår både inn - og utvendig etterpå, fortel Torstein Plener i fylkeskommunen.

Grendalaget på Fogn planlegg ei opningsmarkering etter sommarferien.

Dagsturhytteprosjektet starta i Sogn og Fjordane i 2016 og blei vidareført i Vestland fylke. Prosjektet har så langt vore ein stor suksess med høge besøkstal. Nå er arbeidet i full gang i Rogaland, og fleire stader er hyttene allereie på plass. Alle 23 kommunane har sagt ja til å setta opp ei dagsturhytte.