Frå hausten av blir det mulig å ta sjukepleiarutdanning mens du bur heime i Ryfylke.

STAVANGER:

Søknadsfristen er 18. april, og vilkåret er mellom anna at søkjarar må vera busett enten i Strand, Hjelmeland, Suldal eller Sauda, eller dei områda av Ryfylke som i dag tilhøyrer Stavanger eller Sandnes.,

Det betyr at søkjarar frå til dømes Finnøy eller Forsand kan få plass på studiet, viss dei elles oppfyller opptakskrava, får Øyposten stadfesta av prosjektleiar Marie Undheim på Universitetet i Stavanger.

Det er et stort behov for sjukepleiarar i distrikta i Rogaland. Studiet vil vera tilrettelagt for studentar som ikkje kan møta dagleg på campus mellom anna fordi dei bur for lanbgt unna eller har ynskje om å bli buande i Ryfylke. For å koma i betraktning må søkjarane leggja fram gyldig bustadattest.

I tillegg er det mellom anna krav om generell studiekompetanse med gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk og matte.

Målet er opptak av 30 studentar hausten 2022. Utdanninga skal på sikt rullera i ulike distrikt i Rogaland og vera modell for andre sjukepleierutdanningar. Stavanger Universitetssykehus og distriktskommunane er viktige samarbeidspartnara, og prosjektet har fått 9.1 millionar kroner i støtte frå statlege myndigheter.

"Distriktsvennleg sjukepleierutdanning", som studiet heiter, er eit treårig studium med emne innan sjukepleievitenskap, naturvitenskap (anatomi, fysiologi, sykdomslære) og samfunnsvitenskap (pedagogikk, psykologi, jus). Undervisninga foregår digitalt og ved samlingar både lokalt i Ryfylke og på campus ved Universitetet i Stavanger. I løpet av studiet er det mulig å avvikla deler av praksis i utlandet.

Studiet har same studieplan som bachelor i sjukepleie. Det er krav om at studentar møter på campus for å avleggja eksamen.