Gartnar Stig Jakob Hanasand på Rennesøy.

RENNESØY:

-Det gjer at me søv litt betre om natta, seier Rennesøy-gartnar Stig Jakob Hanasand til Øyposten.,

Ifølge Hanasand er det blitt enighet om å auka prisane som gartnarane får for vanlege "runde tomater" med 18 prosent, mens prisane for spesialtomater skal aukast med 10 prosent.

-Dette gjer at me dekker inn halvparten av prisdauken på energi, anslår Hanasand.

Avtalen er at det skal bli ein ny gjennomgang av prisane for spesialtomater første juli, viss prisane på energi då har gått ned. For vanlege runde tomater er datoen veke 26, då dei nye målprisane fastett i jordbruksavtalen trer i kraft.

-Me er difor svært avhengig av god drahjelp i jordbruksforhandlingane, seier Stig Jakob Hanasand.

Det er fortsatt 7-8 gartnarar i Rennesøy og Finnøy som vil la drivhusa sine stå tome denne sesongen.