Rødne har rigga seg for ein god sommarsesong, men det er usikker kva som skjer med cruiseturistane. (Bilete har vore brukt i ein annan samanheng) Foto: Rødne.

STAVANGER:

På grunn av eit tak på 200 cruiseskip per år har Stavangerregionen Havn hittil i år sagt nei til anløp av 11 mindre hurtigruteskip. Det er dårleg nytt for Rødne og har direkte innverknad på arbeidsplassar.,

- Eg har vanskeleg for å forstå politikarane som ikkje ser kva konsekvensar dette får for lokalt næringsliv, seier leiar i Rødne, Lars A. Rødne.

Taper innteket

- Cruisetrafikken til Stavanger er viktig for oss og utgjer ein relativt stor del av omsettinga innan turisme. For dei aller fleste cruisepassasjerane som kjem til Stavanger, er Preikestolen den viktigaste grunnen til at dei forlet skipet. Me har prøvd å introdusera andre destinasjonar i regionen, slik som Kvitsøy, Sand og andre stader i Ryfylke, men det har ikkje slått spesielt godt an. På eit godt år kan me frakta opp i mot 200 000 passasjerar på Lysefjorden. Av dette utgjer cruiseturistar rundt 50 000. For kvar avgang som forsvinn, reduserast inntektene.

I årets fyrste to månadar er det venta til saman åtte cruiseanløp, men det ligg an til ei auking ut over sesongen. Spesielt i siste halvår er det grunn til å tru at cruisetrafikken kan byrja nærma seg slik den var før mars 2020 då landet stengde ned. Det skriv Stavangerregionen Hamn på sine heimesider.

Avventande

- Færre anløp og mindre båtar, på toppen av ein pandemi, har påverka reiselivet svært negativt og resultert i store konsekvensar.

I løpet av ein normalsesong kan Rødne ha opp mot 10 avgangar med cruiseturistar på rundtur i Lysefjorden per dag, det vil sei rundt 2 000 turistar på ein god cruisedag

,-

Kva tenker du om årets turistsesong?

- Den blir nok heilt sikkert ikkje som toppåret 2019 då alle piler peika opp, men dei siste vekene har me hatt stor pågang. Me har kalkulert med ein nedgang på 20 prosent samanlikna med 2019. Men me veit jo ikkje kva som skjer til sommaren, eller kva me kan venta oss. Me er rigga for ein god sommar, men verden er framleis litt avventande, seier Lars Andre Rødne.

I siste halvår i fjor noterte Stavangerregionen Havn til slutt 36 cruiseanløp med så vidt over 20.000 passasjerar. I fyrste halvår var det ingen.

Cruiseturistar utgjer om lag 40 prosent av turistane som besøker Stavanger. I år er det meldt inn mest 500 000 passasjerar på cruise.