Lesarbrev: - Er dette indrefileten i Ryfylke?

Viss Høyres Jar Endre Egeland synes næringsområdet på Talgje høyrer til indrefileten i Ryfylke, så gledar eg meg til å visa fram dei verkelege perlene. Trur dei då vil bli rekna som trøfler og russisk kaviar i samanlikning, skriv Jon Olav Runestad i dette lesarbrevet.

Næringsområdet på Talgje.|Næringsområdet på Talgje.|Talgje næringsområde
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Høyres enkle retorikk.,

Når eg studerer Jarl Endre Egeland sitt tilsvar på mitt innlegg om Havbrukspark og lokal næringsutvikling, blir eg mildt sagt forundra. Innlegget er unøyaktig og har eit snev av  hersketeknikk og litt «ovante og ned holdning», synes eg personleg.

Det er langt frå sikkert at me i Finnøy kommunedelsutvalg blir rekna å vera blant dei skarpaste knivane i skuffa, men me forsøker etter fattig evne å setja oss godt inn i våre saker.  Me er demokratisk oppnemnde for å  ivarteta ulike interesser i  i finnøydelen av Stavanger.

Når me legg ned mykje arbeid i eit høyringssvar, og frontar vårt samrøystes syn  på ein viktig plan, så synes eg det er merkeleg at Egeland antyder at me driv ”geriljabehandling” utanom plan og bygningsloven. Denne metoden forsvant då me blei ein bydel av Stavanger.

Han meiner at me i tillegg spring ærend for utbyggerar, og påpeikar at innbyggjarar, administrasjon og folkevalgde skal beskyttast mot slik atferd. Beklager, men i all min enkelhet så meiner eg at me ikkje gjer oss skuldige i nokon av desse syndene, men prøver å utøva lokaldemokrati.

Regjeringa og Sanner argumenterte for at lokaldemokratiet ville bli styrka ved å laga større kommunar. Eg var positiv til kommunereforma, men var heile tida tydeleg på at eg syntes Sanner tok feil på akkurat dette punktet,  Talgjesaka er etter mi meining eit døme på dette.

Eg skal ikkje trøtta Øyposten sine lesarer med detaljer rundt næringsområdet på Talgje. Dei som ønskjer det kan finna det i dokumenta om saka. Det er fra søkjar sin side laga eit omfattande materiale som beskrivr målet med næringsområdet. Hoveddokumentet er lettfatteleg, sjølv om det er på 42 tettskrevne sider.

Eg sit med ein mistanke om at Høgre ikkje har forstått denne saka. Dette er eit område som skal klargjerast for  tomtesalg for i hovedsak marin produksjon, forskning og utvikling. Dei selskapa som me håpar skal etablere seg der, vil sjølvsagt bygge produksjonslokaler som er optimalt tilpassa drifta. Kvart bygg vil bli behandla etter byggesøknad, og eg trur alle har same mål om at me her må kombinera konkurransekraftig drift med best mulig miljø og  estetikk.

Arealet på Talgje blei i samråd med Fylkesmannen avsett til industrirverksemd i kommuneplanen for Finnøy i 2007.  Dette var i då Senterpartiet ved Peder Østhus leia forvaltningsstyret.

Egeland brukar eit ”menykart” og meiner at dette området på Talgje er midt i Indrefileten hjå oss. Mulig at dei er meir vant med pølser og hamburgarar i byen? Eg vil her koma med ein konkret utfordring til Egeland: Eg utfordrar deg på at me to kan ta ein padletur i finnøybassenget. Da  kjem me verkelig inn i naturens rette element. Me kan då bruke alle våre sansar i stillhet, karbonnøytralt, og samstundes  ”rense lufta ” oss i mellom.

Om Egeland synes det området på Talgje, som ligg på ”baksida” og utanom dei meste nytta sjøleiene til og frå Ryfylke er Indrefilet, så gledar eg meg til å syne fram dei virkelige perlene. Trur dei då vil bli rekna som Trøfler og Russisk kaviar samanlikna med dette området på Talgje.

Egeland sine råd angåande hysteri og pustetekknikar ønsker eg ikkje å kommentera, men er sikkert nyttig å fylgja. Egeland skriv at Ordførarpartiet i Stavanger har liten eller ingen truverdighet når det kjem til nærings- og arbeidsplassutvikling. Slike utsagn får meg til å lengte tilbake til det gode gamle lokale Finnøy Høgre.

Eg vil avlutte med nokre lyriske strofer som eg meiner seier meir enn 1000 ord.

Først Bjørn Eidsvåg sin song «To små Planeter».:  Eg sa god dag Aha, du hørte kveld. To små planeter i kvert sitt univers i lysår, ikkje meter måles avstanden på tvers.

Så Ivar Aasen sitt Etterstev: Og kor du brygger og kor du bakar, d`er alltid ein, som det ikkje  smakar; og naar eine daa gjerer Rop, sa ropar den heile hop.

Vårt håp i kommunedelsutvalget er at vi kan  legge ” kulturforsjellane” til side, og heller  samarbeide, for så å leggja kaloriane i fartsretningen,  då vil dette gå «grævla godt», som Jærbuen seier.

Jon Olav Runestad

Nestleiar Finnøy kommunedelsutval.

Publisert: