-Interessa har vore grei, men me har ikkje fått nokon skriftlege bud ennå, seier regionsjef Sverre Dahle i EiendomsMegler 1 til Øyposten.,

Ifølge Dahle har det vore tre familiar og sett på eigedommen, og i tillegg skal også andre har signalisert interesse.

-Me håpar å få til noko i løpet av sommaren, men slike salg kan fort ta tid. Det er heile tida eit prisspørsmål, seier Dahle vidare.

Viss eigedommen blir seld til prisforlangande, 16,25 millionar kroner, er det truleg prisrekord for ein bustadeigedom på Finnøy.  Dette er ein praktvilla med velstelt eigdeom på over 4,3 mål, og eiga strandlinje med bryggje og naust.