Tor Øyvind Skeiseid og Silje Vignes Flesjå i Tomatfestivalen. (Foto: Halvard Bøe)

Tomatfestivalen 2019 blei støtta med 50.000 kroner frå Stavanger kommune, og 100.000 kroner frå Finnøy kommune. Til neste års festival blir det søkt om 300.000 kroner i støtte frå Nye Stavanger kommune.,

-Tomatfestivalen har etablert eit veldig godt fundament dei siste åra, og har greidd å driva økonomisk forsvarleg. Dei to siste åra har omsetninga auka og kvaliteten på festivalen er blitt betre.

-Nå har me lyst til å etablera oss i Nye Stavanger som ein godt etablert festival, og ønsker å heva kvaliteten endå meir både når det gjeld innleigde gjester og program. Dessutan vil me gjerne gjera festivalen så berekraftig som mulig, og treng auka støtte for å kunna gjera nokre grep, seier koordinator for Tomatfestivalen, Silje Vignes Flesjå til Øyposten.

Ho legg til at festivalen har hatt eit godt og tett samarbeid med Finnøy kommune, som både har støtta festivalen økonomisk og bidratt med praktisk hjelp som lån av utstyr og anna.

-Dette veit me ikkje heilt korleis blir i den nye kommunen. Difor treng me ein buffer, seier Vignes Flesjå, som meiner festivalen si rolle kjem til å bli endå viktigare i Nye Stavanger.

Festivalen skal synleggjera Finnøy og det beste frå Ryfylke, seier ho.

Neste års Tomatfestivalen åpnar torsdag 20. august med oppstart av volleyballturnering, samt at diskoteket for barn og unge går av stabelen.

Fredagen blir det Tomatkonferanse på dagtid. På ettermiddagen blir det tacofest for heile familien og eit kulturelt arrangement om kvelden. Laurdagen er den store festivaldagen med utstillingar og aktiviteter og konsert og dans. Festivalen skal avsluttast søndag 23. august med både

Finnøymarsj og Griegløp for store og små"