-I dag er det snekkarar og rørlegger her, og seinare kjem målarfirmaet innom. Framdrifta er som den skal, seier leiar i byggekomiteen, Erling Bleie, og tek Øyposten med på ein tur gjennom det flotte bygget.,

Gjennom hovedinngangen på bakkenivå kjem ein inn i den romslege kantina, som kan få namnet "Coop-kantina" etter ein av dei to største sponsorane. Vegg i vegg ligg kiosken, der ein både kan selga ut mot banen og inn i kantina - alt etter kor godt eller dårleg vêret er.

På dette planet er det nye klubbhuset knyta saman med det gamle, der to av garderobane vil bli pussa opp og brukt. Det vil seie at det nye anlegget får fire garderober pluss ein eigen dommargarderobe. Garderobane vil få namn etter firma som Gard Maskin, Mowi, Hjelmeland Sparebank og SR-bank. Ved sidan av kiosken er det eit stort lager til baller, vestar og anna utstyr. Her vil kvart lag i FIL ha sin plass.

Ved sidan av trappa opp frå Coop-kantina er det sett av plass til ein løfteheis for rullestolar, og oppe kjem ein inn i rommet som er til utleige for selskap. Her vil det vera plass til 40 gjestar og maten vil bli levert frå eit velutstyrt kjøkken. FIL brukar her Kathrine Selvaag frå Ryfylkekokken som konsulent. Sponsor Falkeid Shipping vil få gi namn til selskapslokalet. Frå dette rommet går ein gjennom store glasdører ut på "VIP-tribunen", som vender ut mot banen.

-Eg trur dette skal bli eit flott bygg når alt er ferdig, og me held oss innafor de økonomiske rammene, seier Bleie.