Det går fram av forslaget til det første budsjettet for Nye Stavanger som blei lagt fram i føremiddag.,

I forslaget er det sett av 10 millionar kroner til bygging av ny sjukeheim på Judaberg neste år. Så vil beløpa gradvis auka til totalt 116 millionar kroner, og den nye sjukeheimen skal vera ferdig om tre år.

I planane ligg det ei full ombygging og oppussing av den eksisterande sjukeheimen, i tillegg til eit større nybygg.

Billegare i Finnøy, dyrare i Rennesøy

I budsjettet blir det også lagt opp til kraftig reduksjon både i eigedomsskatt og kommunale avgifter i Finnøy neste år. Grunnlaget for eigedomsskatten blir redusert med 30 prosent for hytter og hus i heile Stavanger kommune. Dette vil også slå ut for Finnøy. Dessutan har finnøybuen også måtta betala ekstra mykje for vatn, avløp renovasjon og feiing. Også desse avgiftene blir kutta i budsjettet.

Grunnen til det er at det blir fleire å dela utgiftene på, frå 3000 i Finnøy kommune i dag til nesten 145.000 i den nye kommunen. For siddisar blir det derimot litt dyrare.

Rennesøy har ikkje eigedomsskatt, og får ikkje det neste år heller. Men dei kommunale avgiftene, kor kommunen har lege lågt, vil auka "bitte litt", får Øyposten opplyst i kommunedirektørens stab.

Eigedomsskatt på vent

Kva som skal skje med eigedomsskatten på lengre sikt blir ikkje avgjort før neste år.

Finnøy-ordførar Henrikl Halleland  er spesielt spent på kva som vil skje med havbruksfondet, kor det i går blei kjent at inntektene i 2019 vil liggja på rundt 8 millionar kroner. Halvparten av dette vil kommunen kvart år skal gå til planlegging av Øyfast.

Det blir ståande i budsjettet for Nye Stavanger for 2019. For neste år er det ikkje sett av noko beløp til dette. Grunnen til det er at regjeringa vil ha ein gjennomgang av havbruksfondet. Men det blir rekna med at det kjem inntekter derifrå også neste år, og pengane vil bli avsett på fond utan å vera øyremerka.

-Så blir det opp til politikarane å avsetja pengar til Øyfast-fondet, får Øyposten opplyst.

-Det er ei fornuftig tilnærming, seier Halleland, som lovar at han vil fylgja nøæye med på at pengane frå fondet til Øyfast ikkje forsvinn i den store potten.

Nye Stavanger skal investera 6,6 milliardar kroner, og vil ha eit driftsbudsjett på 11 milliardar. Det går fram av forslaget til det første budsjettet for den nye kommunen, som kommunedirektør Per Kristian Vareide la fram i føremiddag.

Ikkje piggdekkavgift

Ifølge Vareide har Nye Stavanger alt henta ut ein effektiviseringsgevinst på 35 millionar kroner ved å sy saman budsjetta for Finnøy, Rennesøy og Stavanger.

-Kommunen er betre stilt enn mange andre som er nedsylta i gjeld. Det er ikkje Nye Stavanger, sa kommunedirektøren mellom anna.

-Dette er bedre enn me er vant med frå Finnøy kommune, sjølv om eldrebølga gir store utfordringar framover, seier Halleland, som er glad for at Ombo slepp piggdekkavgift.

Vatn til Hidle

-Eg spurde kommunaldirektør Leidulf Skjørestad om dette, og han beroliga med å seia at det ikkje blir piggdekkavgift, korkje der eller i resten av Finnøy og Rennesøy. Det blir som i dag, avgifta blir bare i det som i dag er Stavanger kommune, seier Halleland.

-Kva med utbygginga av kommunalt vatn til Nord-Hidle og vidare?

-Det er det sett av pengar til, seier Henrik Halleland.