Det nye klubbhuset på Leikvoll.

Dette har i alle år vore den indre drivkrafta, og sjølve hovudgrunnen og kjennemerke på at både idretten og andre frivillige og religiøse organisasjonar på øyane våre har realisert både idrettsanlegg, og ulike forsamlingshus og grendehus i hopetal på øyane våre.,

Siste par ut i denne føljetongen, er det nye skyttarhuset på Kvame som vart opna for berre vel eitt år sidan. Og ikkje minst det imponerande nye klubbhuset til Finnøy Idrettslag som i desse dagar vert teke i bruk berre nokre få hundre meter nedanfor.

Desse to praktbygga føyer seg berre inn i rekka av dei mange imponerande idretts- og aktivitetsanlegga som er reist i den tidlegare øykommunen og nå nye kommunedelen i Stavanger dei siste 20 åra.

Det heile byrja eigentleg med bygginga av dei mange oppvekstsentera på dei mindre øyane i kommunen. Bygg og anlegg som inneheld både skule, barnehage og flotte gymsalar med grendehusfunksjon, og med tilhøyrande flotte aktivitets- og idrettsanlegg utanfor som vart utvikla over tid. Slik er det i Sjernarøy, på Ombo, Halsnøy, Fogn og på Talgje. Desse offentlege bygga og anlegga er alle blitt initiert og reist i form av ein betydeleg dugnadsinnsats, og er på ein måte blitt sjølve limet og det sosiale treffpunktet i desse små lokalsamfunna.

Og ikkje minst er det blitt bygg og anlegg som står seg både i nåtida, og tek innover seg framtidige behov for samlokaliseringar av både skule, barnehage, SFO, idrett og andre fritidsaktivitetar som det offentlege i dag ynskjer, og som no blir nedfelt i offentleg anleggspolitikk.

Med utgangspunkt i det same tankesettet og intensjonar, er også dei unike anlegga og bygga i og rundt Fleirbrukshallen og Sentralskulen på Judaberg blitt bygd og utvikla.

Anlegg som i dag faktisk dannar mal for korleis mange andre skular og idrettsanlegg her i landet kan og bør utformast i framtida. Det under vilkår av at alle gode krefter løftar i lag til det beste for nærmiljøet og lokalsamfunnet sitt.

Difor var det ekstra gledeleg å sjå at sjølv NRK TV, Rogaland og representantar frå idrettsetaten i Stavanger kommune tok seg bryet med å ta turen inn til vesle Finnøy og Leikvoll, for å sjå på det nye praktbygget av eit klubbhus som vart offisielt opna og overlevert tysdag.

Eit nytt symbolbygg, som på ny viser at ein verkeleg kan få til mykje til ein «uvanleg billeg penge» om alle gode lokale krefter dreg i lag, og løftar i flokk. Det er ikkje minst det nye signalbygget og praktbygget av eit klubbhus på Leikvoll eit synleg bevis for. Det er difor all grunn til å gi honnør til både ein kreativ lokal arkitekt, til det lokale næringslivet, dugnadsfolket og medlemer, og ikkje minst til idrettslaget med leiaren i byggekomiteen, Erling Bleie, i spissen.

Då er det også igjen all grunn til på botnlinja igjen å konkludera med:

«Look to Finnøy»- for der får «dei de verkeleg te»!!