Ottar Sandanger (ap) er kritisk til navneskiftet.

I tillegg til Sandanger er Maria Von Krogh (fnb), Kari Raustein (h), Eivind Enoksen (v) og Jon Ola Syrstad (mdg) medlemmer av nemnda.,

-Nemnda skal både sjå på praktiseringa av det gamle regelverket i Finnøy, Rennesøy og Stavanger i 2020, og i tillegg laga nytt felles regelverk for taksering i den nye kommunen frå neste år, opplyser Marianne Fuglestad i Stravanger kommune til Øyposten.

Fuglestad er prosjektleiar for takseringsprosjektet i Stavanger kommune.

Det er bestemt at den nye kommunen skal delast inn i ulike soner for eigedomsskatt frå 2021, kor skatten skal vera høgast i sentrale deler av Stavanger og lågast på dei ikkje landfaste øyane i gamle Finnøy kommune.  Eit viktig tema for nemnda blir også korleis skatten på fritidseigedommar skal bli.

Synfaringa av eigedommane i Finnøy og Rennesøy er godt i gang, og Fuglestad reknar med at dei ikkje landfaste øyane i Finnøy vil få besøk av folk på oppdrag frå takseringsprosjektet til sommaren.

Kommunen sende i haust ut oppgåver over kva som var registrert av bygningar og storleiken på desse til innbyggjarane i dei nye kommunedelane.

-Me har fått mange tilkbakemeldingar kor folk ynksjer å korrigera opplysningane for å få dei så rette som mulig,  opplyser Fuglestad.