Uavgjort i serieavslutninga

Finnøy avslutta fotballsesongen med å spela uavgjort 3-3 i heimekampen mot Madla 2 på Leikvoll lørdag ettermiddag.Dermed beheld laget den gode heimestatestikken frå dei fire siste kampane utan tap.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Det var bortelaget som tok leiinga både 1-0 og 2-0, før Finnøy kom sterkt tilbake mot slutten av kampen og utlikna til 2-2 ved unge Sander Idsøe.Men Madla gjekk igjen opp i leiinga, før Kristian Ledaal igjen slo tilbake, og sikra Finnøy eit sterkt uavgjort resultat mot toarlaget til ein av dei største breiddeklubbane i Rogalandsfotballen.Dermed enda laget på respektable 21 poeng i sin første sesong i 5.divisjon, sidan det «frivillige» nedrykket til 7.divisjon hausten 2012.Ein bra prestasjon i ei sterk 5.divisjonspulje,der den gamle storklubben SIF (i dag Stavanger) til slutt vann pulja med sine 51 poeng , og til neste år skal spela i 4.divisjon.Også naboklubben Mastra , har plukka bra med poeng i dei siste kampane, og skal også neste år spela i 5.divisjon.Noboen lenger ute i havgapet,Kvitsøy, må derimot igjen ta steget ned i 6.divisjon etter opprykket i fjor.