Etter eit heiderleg bortetap med 1-2 mot tanangerlaget Havørn, blei det ein fin opptur då laget slo divisjonskollega Sandved 2-0 i den neste kampen.Også det på bortebane.I heimekampen mot Ganddal,derimot, gjekk laget på eit braknederlaget med heile 3-9 tap .Neste, og siste kamp i Kvia-serien , er førstkomande lørdag.Då er det Brusand, som tek den lange vegen heilt frå Sør-Jæren i Hå kommune til Leikvoll og Finnøy.,Melder på nytt lag,

Øyposten meldte i ein tidlegare reportasje om stor aktivitet og mange spelarar som deltok på sesongoppkjøringa i januar.I følge trenar Erik Torger Flesjå-Johansen, så hadde han opp mot 25-30 spelar på blokka si.-Det har resultert i at me no også har meldt på eit 7-ar lag i seriesystemet, opplyser trenar Flesjå-Johansen.

Etter det Øyposten kjenner til, så har det berre vore etablert reservelag, eller 7-ar lag, ein gong tidlegare i klubben si historie. Det var på byrjinga av 2000-talet, då Bjarne Håvard Skeiseid var spelande trenar på dette laget.