Oppussingsarbeidet i Hesby kyrkje er blitt meir omfattande enn først rekna med.

FINNØY:

Stavangerbudsjettet inneheld ei rekke punkt som angår Finnøy kommunedel.,

Sjukeheimen:

Kostnadsramma er foreløpig sett til 179 millionar kroner for nybygget. I budsjettet blir det foreslått å setja av 65 millionar kroner neste år, 55 millionar kroner året etter og 41 millionar kroner i 2024. Nybygget skal gi plass til 20 sjukeheimsplassar, kafe, nye dagsenterlokaler, sjukepleieklinikk, fotpleie, frisør og lokaler for fysioterapi og ergoterapi.,

Innflyttinga i andre halvdel av 2024, ifølge budsjettet.

Vatn:

Det største prosjektet er ny vannledning frå Talgje til Næland på Finnøy, som skal forsterka vannforsyninga i området og leggja til rette for vidare utbygging. Prislappen for dette er 27,5 millionar kroner, og neste år er det avsett 11,2 millionar. Resten blir fordelt på dei neste tre åra.,

Det skal også lagast ein 10-års plan for vannforsyninga i kommunen, der alle tiltak blir sett under eitt.

Kommunen skal også arbeida vidare med å overta det private vannverket Fjordvatn i Finnøy.

"Stavanger kommune vil øke sikkerheten i vannforsyningen, og gi flere i kommunedelene Rennesøy og Finnøy mulighet til å knytte seg til offentlig vannforsyning", heiter det vidare.

TEAL:

Den tidlegare Ryfylke Næringshage har skifta navn til TEAL, og kommunen har inngått ein ein toårig avtale med ei årleg ramme på 200.000 kroner.,

Hesby kyrkje:

Kommunedirektøren foreslår å setja av totalt 13,45 millionar kroner til rerhabilitering av dei gamle gråsteinsmurane i kyrkja. Summen skal fordelast over tre år, og neste år er beløpet 7,5 millionar kroner. I 1980 blei Heby kyrkje, både ute og inne, behandla med hard og tett sementslemming. Endå verre blei det då kyrkja i 1990 blei malt med plastmaling. Det har ført til at fuklt blir samla i murane, og nå må både malinga og slemminga fjernast.,

Landbruk og havbruk:

Klimautsleppa i kommunen skal kuttast med 80 prosent innan 2030, og kommunen skal hjelpa havbruk og landbruk til å driva bærekraftig. Kommunedirektøren foreslår ei ny stilling i næringsutvikling i landbruk og havbruk.,