RENNESØY:

Det er Ove Heggland, bonde på Østhusvik, som står bak søknaden.,

-Me vil truleg plassera benkene ut til våren på lune plasser eller plasser med fin utsikt. Det kan også tenkjast at det blir laga til plassar for grilling, seier Heggland til Øyposten.

Heggland er primus motor for arbeidet med å opparbeida og grusa turvegen frå Hegglandslia og innover mot Hodnbetoppen, som 10 grunneigarar i området samarbeidar om.

Prosjektet er blitt støtta med 1,5 millionar frå SMIL-ordninga (Spesielle miljøtiltak i landbruket), og har gitt 2,5 – 3 kilometer med turvei frå bustadfeltet Hegglandslia og innover heia. Resultatet er blitt ein prima turveg kor det går an å gå tørrskodd, sjølv i verste "haustbløyta".

-Me har prøvd å laga turveien så skånsom som mulig i terrenget, og har stort sett brukt lokal arbeidskraft og lokale matrialer. Grusen er henta frå steinbrotet i nærleiken, og gravemaskin har me leigd frå eit lokal firma, seier primus motor Ove Heggland til Øyposten.

Heggland tek stolt med Øyposten på ein visningsrunde. Han er ein av dei 10 grunneigarane som har stilt grunn til rådighet for turvegen, som nærast er av «bystandard». Her er det mulig å gå tørrskodd året rundt.

Steintrapp på 600 meter

Eit av dei siste prosjekta er ei 600 meter lang steintrapp.

-Fylkesmannen ville me skulle bruka bruddheller som måtte transporterast inn, truleg med helikopter. Men det var stein i overflod langs stien som det var betre på alle vis å bruka, seier Heggland.

Nå manglar bare nokre få titals meter føre heile turvegen er framme ved steinbrua i Askedalen, og ferdig så langt. Steinbrua er det lagt ned mykje arbeid i, og tilbakemeldingane har vore mange og positive, seier rennesøybonden, som drøymer om å føra stien like fram til Hodnetoppen.

Han har også søkt SR Bank om og fått 30.000 kroner i  støtte til sitjebenker som han ynskjer å plassera ut langs løypa. For utsikten frå stien er unik med heile øyriket innover i Ryfylke på eit brett. Både Sør-Hidle, Brimse, Talgje, Finnøy, Fogn, Bokn, Halsnøy og Bjergøy ligg i synsfeltet.

Blink for Finnøy-kanoner

-Under krigen bruka tyskarane å setja opp blinkar i dalen her for kanonbatteriet på Vignes på Finnøy. Det er mange gjengrodde krater i landskapet her etter den tida, fortel Ove Heggland.

I tillegg til å laga turvei har han og nabo Guttorm Gudmestad lagt ned mykje arbeid i å rydda landaskapet for einer ved å svi han ned. Men fortsatt er det mykje einer igjen som han gjerne vil ha rydda bort for å åpna landskapet.

Ove Heggland har også planar om å reisa opp ein del av piggsteinane som Rennesøy er kjent for langs turvegen.

-Det var eit brot for piggsteinar her på Østhusvik før, fortel Heggland.

Oppe på heia har han sett opp to hjortefigurar i jern som han har fått laga i Randaberg med hjelp av Bjarte Hanasand.

-Det hender eg støkk sjølv når eg støyter på dei i halvmørket, seier han om dei naturtru siluettane. Han har kontakta Ryfylke Friluftsråd, og håpar dei kan hjelpa til med skilting i området. Høgt på ønskelista står også betre parkeringsmuligheter.

-Kva er drivkrafta di bak dette?

-Eg har alltid lika å gå tur sjølv, og tykkjer landskapet her er veldig flott. Det bør fleire få glede av, avsluttar Ove Heggland.