Tor Bjarne Flesjå driv gardsbutikken på Nærland.

FINNØY

: 12. mars 2020 stengte Erna Solberg ned landet. To dagar etter, 14. mars, opna Gardsbutikken på Nærland på Finnøy, skriv Tor Øyvind Skeiseid i denne artikkelen på nettstaden til Ryfylkealliansen.,– Nei, kva tenkte me då? Skulle me berre late det vore? Men, det var for seint å snu, fortel bonde og gardsbutikkdrivar Tor Bjarne Flesjå. Han og kona Kirsten Løland Flesjå bestemte seg i 2018 for å utvida gardsdrifta med gardsbutikk. Det første året har vore fantastisk.,–  Gardsbutikken omsette for 1,2 millionar kroner i 2020. Overskotet gjev eit godt bidrag til gardsdrifta, understrekar Tor Bjarne Flesjå, sauebonden, hønsebonden, klokkaren, bedemannen, snekkaren og gardsbutikk-styraren.,– Me må jo ha litt å halda på med, smiler 59-åringen frå Finnøy.,

Litt av kvart – ikkje mykje av noko,

Butikken ligg strategisk til ved fylkesveg 519, midt mellom Judaberg sentrum og tunnelopninga på Ladstein. Her handlar fastbuande og gjestar etter sjølvplukkprinsippet i svært så romslege opningstider. I løpet av eit år er utvalet stort.,– Vel, me har litt av kvart, men ikkje mykje av noko, seier Tor Bjarne på sitt smålåtne og jordnære vis.,Mat og handverk er stikkordet. Egg, tomatar, grønsaker, bær og frukt ut frå sesong, bakst, honning, eplemost, hermetiske varer, saueskinn, trevarer, og ja lista er lang.,– Me er bevisste på å ha produkt frå Ryfylke. Det er mange gode folk i Ryfylke, påpeikar Tor Bjarne og har samarbeid frå Forsand i sør til Sauda i nord og Rennesøy i vest.,– Til jul leverte me alle våre eigne heialam til Ryfylke Mat i Sauda. Dei foredla kjøtet til pinnakjøt og fenalår. Alt pinnakjøtet blei utseld. Nå til hausten er fenalåra mogne og kan seljast. Eit veldig kjekt samarbeid, slår Tor Bjarne Flesjå fast.,I tillegg til ryfylkeprodukta, er det litt godsaker frå andre også:,– Poteter frå Jæren, treprodukt frå Gjesdal og gulrøter frå randabergordførar Jarle Bø. Det må me jo takla, ler Tor Bjarne og understrekar at alle som leverer til Gardsbutikken er folk ekteparet Flesjå sjølv har spurt om å få samarbeida med.,

Egg gav inspirasjon

Tor Bjarne Flesjå har vakse opp på gard, på Flesjå på Finnøy. Men, som yngst av fem søsken var det ikkje han som stod først i køen til å overta familiebruket. Men i 1999 opna det seg eit høve for tømraren om å kjøpa garden på Nærland. Kona Kirsten, som voks opp på gard i Forsand, var ikkje vanskeleg å få med på avgjerda. Med liv og lyst fekk han endeleg sjansen til å vera bonde.,– Me overtok eit bruk med mjølkeproduksjon og høner. Så hadde eg sauer sjølv, som eg tok med meg. Me har avslutta mjølkeproduksjonen og auka med høner og sauer, fortel Tor Bjarne, som nærast blir rørt berre han tenkjer på sauene. Han har 45 år bak seg med sauesanking i heiane i Suldal, og elskar våren og lamminga.,– Men, det blir berre litt for travelt.,Ikkje rart når du har satsa på gardsbutikk, i tillegg til 6 500 frittgåande høner og 100 søyer som lammar 210 små ulldottar kvar vår.,– Me hadde først eit lite eggsal i hønsehuset. Me utvida litt med egg, poteter og jordbær i ei salsbod. Men, så måtte me riva den gamle løa på tunet og tenkte, kva med gardsbutikk? Innovasjon Norge blei med på laget, og nå står me her, med ein kjempepopulær butikk.

Slekt skal følgja …,

Tor Bjarne og Kirsten bruker sosial media aktivt for å promotera gardsbutikken generelt og nyhende spesielt. Fredagen, med ferske brød frå Ryfylkekokken, er ekstra populære.,– Det er viktig med noko nytt. Den nye tomatmiksen frå Hanasand Gartneri på Rennesøy gjekk unna frå første stund, fortel Tor Bjarne.,

– Kor skal dette enda?,

– Det har eg ikkje peiling på. Drifta har gått langt over forventingane. Og me har så langt ikkje drive under normale tilstander. For kanskje kan me etter kvart ha litt aktivitetar på tunet? Dessutan har me ikkje hatt offisiell opning endå, humrar sauebonden og legg til:,– Landbruksminister Olaug Bollestad har lova å ta med seg helseminister Bent Høie og opna gardsbutikken offisielt. Me får nå sjå om det passar då …,

– Og framtida?,

– Me driv i tre år til. Då er eg 62 år. Dottera Hanne og mannen Torstein har sagt dei vil overta, både garden og butikken.,

– Kva skal du gjera då?,

– Eg trur eg har nok. Eg har lyst å bidra på garden og hjelpa Hanne og Torstein slik at dei kan byggja seg litt opp.,

– Og bli buande på garden?,

– Å nei, dei skal sleppa å ha meg her heile vegen. Det blir nok endå fleire turar til

Lykkebu

.,Og for dei som ikkje kjenner til

Lykkebu

er det den sjølvtømra hytta på Gullingen i Suldal, i same kommunen som mor til Tor Bjarne er frå.,– Ingen ting er som avkopling og ladestasjon i fjellheimen, avrundar Tor Bjarne Flesjå med eit salig smil.