Hjem-jobb-hjem ordninga har forsterka behovet for å ha ei langt meir tilpassa pendlarrute frå Finnøy til Stavanger, meiner Henrik Halleland frå Kr.F.

FINNØY:

Det meiner i alle fall gruppeleiar for Kr.F i Stavanger kommunestyre og tidlegare ordførar i Finnøy, Henrik Halleland. -Eg er både svært glad og letta over at regjeringa nå kjem med ei påplussing på 33,5 millionar kroner over ein toårsperiode. Det vil gi fylkeskommunen eit større handlingsrom til ikkje å føreta dei varsla kutta. Særleg om dei går for Stavange kommune sitt alternative ruteforslag, det såkalla alternativ tre, påpeikar Halleland.,-Når me nå også i ettertid ser på på det dramatiske kuttforslaget som fylkesrådmannen i utgangspunktet gjekk inn for, nemleg å ha Hebnes som endestasjon for rutene til Suldal og Sauda, og at det i det heile blei vurdert som eit seriøst alternativ, blir eg nærmast sjokkert, seier ein engasjert lokalpolitikar.,

-Men dette gir vel berre berre eit økonomisk grunnlag for å kunne drifta rutestrukturen slik me tilnærma kjenner den i dag, utan dei store kutta?

Ikkje nødvendigvis. Eg trur nå at fylket har fått eit økonomisk handlingsrom som saman med ei nødvendig endring i rutestrukturen i Ryfylke generelt i kjølvatnet av nye fastlandsforbindelsar, som mellom anna Ryfylketunnelen gir, kanskje også kan gi grunnlag for ei eiga pendlarrute frå Finnøy. Ei pendlarrute som er mykje meir tilpassa den ordinære arbeidstida. Det har ikkje Finnøy i dag.

-Kva for ei pendlarrute er det då me konkret snakkar om?,

-Tida er overmoden for å få på plass ei pendlarrute frå Judaberg i like før kl.07.00 om morgonen. Eksempelvis kl.06.50, der ein då når fram til Stavanger til ordinær arbeidstid like før kl.08.00.,Då får me også utnytta den såkalla "Hjem-Jobb-Hjem" ordninga som kommunedelen Finnøy no er så heldig å ha blitt ein del av.,Og det er jo arbeidsreiser med kollektive transportmiddel både kommune, fylkeskommune og sentrale myndigheiter legg opp til og den økonomiske verkemiddelbruken er retta inn mot. Då må kollektivtrafikken og hurtigbåtrutene også tilpassast dette, slår Halleland fast.,