J-15: Knepent tap i toppoppgjerd

Finnøy sitt lovande Jenter-15 lag i fotball gjekk på sitt første nederlag i serien etter oppstart, då dei gjekk på eit knepent 3-2 nederlag mot topplaget Lura i si pulje 2. divisjon i bortekampen mot Lura tirsdag kveld.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY/LURA:

Ein litt skuffa trenar, Lars Rørtveit, kunne etter kampen konstatera at heimelaget kom strekt tilbake og utlikna til 2-2 før pause, etter at Finnøy hadde teke leiinga 2-0 tidleg i kampen og to scoringar av toppsscorar, Maria Rørtveit. Det høyrer også med til historia at Finnøy misbrukte eit straffespark på stillinga 0-2 til bortelaget.,

I ein sjansefattig andreomgang var det derimot heimelaget som fekk den utløysande scoringa, og jublande kunne konstatera at dei tok over tabelltoppen.

-Litt bittert var det, etter ein kamp der me kunne fått med oss både eitt og tre poeng, konstaterer trenar Rørtveit. -Diverre sette me ikkje sjansane, i ein kamp der mange av oss meinte at me også blei skulel hatt straffe i siste speleminutt.