To trailerar på veg frå Nesheim til Helgøy tok feil av vegen ved Aubø og køyrde i grøfta på Bjergøy. Ingen pesonar kom til skade. Foto: Rune Nedrebø

Bilane kom i land med ferja på Nesheim og skulle til lakseslakteriet i Helgøysund.,

- Bilane køyrte feil veg i krysset på Aubø. I staden for å svinga til venstre og køyra over Aubøbrua, tok dei til høgre i krysset i retning Furre. Vegstrekninga er ikkje skilta, og det var mørkt og glatt på vegen då utforkøyringane skjedde. Begge bilane hadde fått utlevert kart på ferja samt av transportøren, i tillegg til GPS i bilane. Heldigvis kom ingen personar til skade, men den eine bilen er såpass skada at den ikkje kan køyra av eigen motor, men må ha hjelp av bergingsbil som me ventar på no, fortel produksjonssjef ved Grieg Seafood, Lars Martin Hetland.

Vegen er stengt for trafikk inntil bilane har blitt fjerna.

- Burde ikkje vegen vore skilta?

- Når det har skjedd det som har skjedd burde den det. Eg er ikkje sikker på godt vegen er skilta i utgangspunktet, men det skal eg finna ut av og ta vidare med mine folk, seier Ove Muberg, prosjektleiar for bru og veg i fylkeskommunen.

- Me skal no ut og setta opp skilt med piler og Grieg-flag langs strekninga, slik at det ikkje skal vera råd å køyra feil. Vegen som dei to trailarane køyrde er svært smal, og det skal godt gjerast om dei i det heile tatt vil kunne passera, uansett ver og -føreforhold, seier Hetland.

- Eg har nettopp vore i kontakt med fylkeskommunen som har lova at dei skal få på plass skilting innan måndag mogon, avsluttar Hetland.