Skipper Jan Ove Jonassen (ståande) og matros Geir Helge Berge har kontrollen på MF "Sigrid" mellom Ombo og Hjelmeland.|

OMBO:

Ryfast åpna ved årsskiftet i fjor, og åpna dermed plutseleg ein ny veg mellom Ombo og byen. Det viser igjen på trafikktala.,

I januar i fjor var det 816 bilar som reiste til eller frå Skipavik på Ombo over Hjelmeland. Året før var talet 585. Tala er små, men likevel gir dette eit bilete av situasjonen. Veksten flata deretter ut, kanskje etter at den første nygjerrigheten hadde lagt seg.

https://www.oyposten.no/2020/01/11/ryfast-apnar-ny-reiseveg-for-ombo/

I februar i fjor låg han vel 20 prosent over og i mars bare ubetydeleg over. Men dette er også månaden koronaen slo inn for fullt og folk blei frårådde å reisa og, ikkje minst, feriera på hyttene sine butanfor eigen kommune. Det blei innført 19. mars.

I juli har situasjonen roa seg meir, pluss at dette er den store feriemånaden i landet. I fjor blei dessutan folk nødt til å feriera i heimlandet. Då viste trafikken Skipanes-Ombo at det reiste 1539 personbilar på denne strekninga, mot 997 i 2019. Det er ein auke på over 50 prosent.

Trafikktala er slik for personbilar i sambandet i 2019:

Januar: 585

Februar: 615

Mars: 598

April: 837

Mai: 863

Juni: 883

Juli: 997

August: 877

September: 807

Oktober: 789

November: 681

Desember: 628

For personbilar i 2020:

Januar: 816

Februar: 746

Mars: 611

April: 947

Mai: 1278

Juni: 1276

Juli: 1539

August: 1249

September: 1041

Oktober: 1101

November: 1049

Desember: 1088

Teamleiar i ferjeavdelinga hos Statens Vegvesen, Anders Sæternes, seier auken ikkje var uventa

--Me har lagt inn ein auke i trafikken i samtlege samband her, også Skipavik-Hjelmeland i dei nye ferjekontraktane som skal gjelda frå nå i vår, opplyser Sæternes.

Han meiner ei rimeleg forklaring er åpninga av Ryfast, men er usikker på kva innføringa av bompengar vil få å seia for den vidare utviklinga av trafikken i dette sambandet.

-Det er fleire usikre faktorar som gjer det vanskeleg å spå om dette. Bompengar kan opplagt spela inn, dessutan kjem det an på korleis korona'en utviklar seg. Blir han langvarig kan det gi eit tilbakeslag i økonomien, noko som vil påvirka reisinga, seier Sæternes.