Otto-huset har mykje å by på dei neste månadene. Til dømes pubkveldar den siste fredagen i kvar månad.,- Det er eit tilbod for dei som gjerna har eit ekstra sterkt forhold til vinylplater. Ta musikken med til oss, så held med spelar, ler dagleg leiar Martin Anda.,- Eg har vore på Fretex og kjøpt inn litt billig vinyl, alt frå gamal swing til Guns N` Roses, så me har ein del forskjellig musikk, men noko av det kjekkaste er når folk sjølv har med seg. Eg kan lova god drøs og god stemning, saman med bygdeorginalar på min alder, og kanskje kan det bli litt brettspel også, seier Anda.,

Han har hatt det travelt etter at han nyleg starta i jobben sin på Otto-huset, og mykje av tida har gått med til å finpussa på vårprogrammet for 2019.

,- Det er blitt ganske breitt, synest eg. Me har internasjonale namn, velkjente lokale innslag, jazz, klassisk, bildekunst - og eit møte med Gro Skartveit og Espen Hana som snakkar om livskriser frå kvar sitt perspektiv.