Buss Judaberg-Stavanger skal prøvast ut.

LEIAR:

Fylkeskommunen vil prøva med ekspressbuss frå Finnøy. Det høyres i utgangspunktet ut som ei gladsak, men også som ein mulighet til å lirka til at Judaberg skal bli framtidig stoppestad for hurtigbåten.,

Foreløpig skal det ikkje kuttast i hurtigbåttilbudet. Det skal halda fram som nå dei neste to år, då rutene skal ut på nytt anbod.

Det nye, som samferdselsutvalet i fylket vedtok i same slengen, er at det skal prøvast med ekspressbussar eller ei hent meg ordning frå Finnøy til byen. Dette er ein gammal tanke, men som hittil ikkje er blitt realisert av hensyn nettopp til passasjergrunnlaget for hurtigbåten. For trafikken frå Judaberg betyr mykje for grunnlaget for båten, og utan bussforbindelse må det eit båttilbud til. Så enkelt er det.

Likevel er dette med buss eit interessant forsøk. Tunellane ligg der, og å utnytta dei betre verkar fornuftig. Dessutan er det ikkje alle som skal til kaien i byen, men både til Forus, Tananger og Randaberg. Eit busstilbod vil kunna bety ei styrking av kollektivtilbodet, og det vil også kunna styrka forbindelsen internt mellom Finnøy og Rennesøy.

Me trur at utfordringa blir å laga eit opplegg som folk vil bruka, og då er reisetida avgjerande. Ei bussrute må ikkje bli noko somlerute som kjører innom alle mulige plassar før ho til slutt endar i byen eit par timar seinare. Då er tilbodet dømd til å mislukkast.

Difor har me heller ikkje tru på at ei matrerute frå Finnøy og Talgje som skal forsyna ekspressbussar frå Vikevåg er ei særleg god løysing. Skal ruta han mulighet må ho gå frå Judaberg via rundkjøringa på Talgje og mest mulig direkte til byen, men med mulighet til av og påstiging langs vegen.

Fordelane med eit slikt opplegg er at det vil kunna gjera det lettare å pendla til arbeidsplassane i omlandet til Stavanger sentrum. Det vil også kunna bety at ungdom frå Finnøy vil få eit utvida skuletilbud, ved at det blir enklare å pendla til skular på Forus, Randaberg og kanskje også Sandnes.

Eit blikk på kalenderen fortel oss at om maks to år vil Finnfast vera betalt, og bommen fjerna. Det er også eit moment som vil spela inn på grunnlaget for ei bussrute, men her kjem det også an på kva bompengar som vil vera gjeldande framover i bomringane rundt byen.

Ei bussordning vil uansett ikkje vera noko overskotsforetak, og skal finansierast. Eit spørsmål blir difor om fylket har råd til å spandera den luksusen på øyane at dei kan ta både buss og båt til byen. Det kjenner me oss ikkje trygge på.