Middelalderkyrkjene under utgreiing

Stortingsrepresentant Åslaug Sem- Jacobsen (Sp) i familie -og kulturkomiteen var på Finnøy og Rennesøy sist veke for å skaffa seg kunnskap om tilstanden på middelalderkyrkjene i regionen.

Kunnskapsinnhenting om middelalderkyrkjene. F.v: Kate Elin Norland, Terje Øvrebø, Odd Bleie, Arne Reianes, Ingvill Jørgensen, Lisa Breiland og Åslaug Sem-Jacobsen.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

- Stavanger har etter kvart fått mange middelalderkyrkjer og det kan vera ei økonomisk belastning for kommunen. Eg er her for å sjå på behovet for oppgradering og samstundes få litt innsikt i korleis kommunen handterer dette økonomisk. Personleg er også opptatt av desse kyrkjene fordi dei er små desentraliserte museum frå ein tidsperiode som me har lite bygg frå, så desse kyrkjene fortel historia  vår på ein god måte. Difor er eg oppteken av dei blir sett godt i stand og at folk i større grad kan besøka dei.,

Middelalderkyrkjer og kulturminne betyr mykje for Senterpartiet difor løyver me årleg  mellom 120 og 150 millionar kroner meir enn regjeringa til kulturminnevern. Nyleg fekk Senterpartiet fleirtal, med støtte frå Ap, SV og FrP om å istandsetta alle steinkyrkjene frå middelalderen til 1000- års jubileet for Norges kristning i 2030. Og då har me berre tida og vegen.

- Kva er inntrykket ditt av kyrkjene du har sett så langt?

- Eg er glad for å sjå at ikkje alle kyrkjene er i så dårleg forfatning som eg hadde frykta. For mange kommunebudsjett kan det vera krevjande å halda ved like ei middelalderkyrkje og setta i stand, difor blir ofte vedlikehaldetterslepet stort. Det er strenge krav frå riksantikvaren til renovering, ein kan ikkje gjera som ein vil.

- Kor viktige er middeladerkyrkjene?

- Me har altfor få slike kyrkjer igjen, og for lite informasjon om tida dei blei blygde i. Eg likar å sjå på dei som små museum som fortel historia om landet vårt og er såleis viktig folkeopplysning. Viss kyrkjene blir godt istandsett, med tanke på temperatur, brann -og tjuverisikring, vil det vera mogleg for kyrkjer som har gjenstandar dei ikkje får stilla ut, dei ligg kanskje på Nasjonalmuseet, og få desse tilbake der dei høyrer heime. Det får igjen betydning for reiseliv- og opplevingnsæringa, og fleire vil kunne oppleva dei flotte kulturskattane våre, avsluttar Åslaug Sem-Jacobsen.

Publisert: