Rygermedic-kaptein Harald Brimsø frå Rennesøy med flaska som ikkje la seg knusa under dåpsseremonien. Nå blir det ny dåp, med den same flaska.

FINNØY: Som lesarar av Øyposten kanskje vil hugsa,  blei ikkje flaska knust då gudmor og Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun skulle foreta den høgtidelege dåpen av båten under Tomatfestivalen.,

Under andre forsøk rauk i tillegg bandet som var festa til flaska, med det resultatet at ho havna på «havets bunn».

Flaska blei imidlertid plukka opp igjen av pensjonert dyrlækjar og hobbydykkar Erling Bleie frå Finnøy. Den flaska står nå trygt forvart i ambulansesentralen på Judaberg, medan Bleie har fått med seg reserveflaska som låg på lur under dåpen. Det er også ei Cava, same type som dåpsflaska.

Champagneflaska på veg mot Rygermedic, sendt av gårde av ordførar og gudmor Kari Nessa Nordtun. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Me kjem til å invitera ordføraren til ei omvising og ein tur med båten, og då vil det bli arrangert ein ny dåpsseremoni, men denne gongen i all enkelhet, opplyser rødnesjefen Lars André Rødne til Øyposten.

På nettet kan me lesa at ein skipsdåp skal foregå med dyr champagne, og at flaska helst skal knusast mot skipssida på første forsøk.

Det betyr nemleg hell og lykke for skip og mannskap. Hvis skipet blir døypt fleire månader etter at det er sett i fart, skal det ifølge gammal overtru ikkje vera heilt heldig.

Til jul er det ifølge tradisjonen vanleg med ei julehelsing til mannskapet frå gudmora, noko som blir forventa og sett pris på.