Berit Ullenes er stolt av steintappa som mannen Svein har laga. |||||

RENNESØY:

Det seier Berit Ullenes (80) på Nedre Nordhus på Østhusvik. Saman med mannen Svein (83) er dei to framleis i full vigør og held seg i form med hagearbeid, i alle fall Berit.,

- Eg liker best å sjå på alt det fine ho får til, humrar Svein.

Då ekteparet tok over huset for 12 år sidan var det ingen hage.

- Svein har gjort all grunnarbeidet frå botn av, han har laga grunnen i forskjellige nivå, terrassar, uteplassar, steinarbeid og trapper, medan eg har drive med plantene. Hagearbeid er skikkeleg avkopling for meg, og det har det vore heile livet, men no er det mest berre å halda ved like det me allereie har. Det er for seint å byrja dei store prosjekta no, fortel Berit.

Berit har hyra barnebarnet til plenklipping, og dottera som er lærar og har lang sommarferie, tek gjerne eit tak i hagen saman med mora.

- Det er koseleg med hjelp av familien, spesielt når dei som gjer jobben likar den. Det mest krevjande er å klippa buksbommane runde og fine.

Over alt i hagen er det hortensia og roser. Bonderoser og Gamle prestegårdsroser er favorittane, men ho er svak for Hortenisa og.

- Veit du at dei eldste rosetrea er 40 år gamle og framleis like fine? Aldri har eg hatt lus på dei heller, men dei blir fort stygge i mykje regnvêr slik som no. Men hortensiaen er meir hardfør og klarer seg utan særleg stell.

- Kva er hemmelegheita bak ein fin hage?

- For min del er det så enkelt som hønsegjødsel, det er eit skikkeleg vidundermiddel som gir frodige vekstar med grønt bladverk år etter år. Alt som veks i denne hagen får godt med hønsegjødsel om våren, og berre då. Hønsegjødsel er ganske sterkt så eg brukar alltid årsgammal hønseskit. Det har verka i alle år. Ut over det er det viktig å gjera ein grundig rydde – og klargjeringsjobb kvar haust og vår, då legg du eit grunnlaget for vekstsesongen. Viss du gjer den jobben skikkeleg, er det mest berre førefallanda arbeid igjen, slik som luking og vatning. Eg sprøyter litt også, eg tenker det er lov av og til.

Berit føretrekk å ha plantene i jorda heller enn i krukker, det lettar arbeidet og plantene klarer seg ofte betre.

- Å ja, hagestellet blir mykje enklare med vekstane i jorda. Eg passar på å setta plantane djupt, slik at dei ikkje tørkar så fort. Blomar i krukker er «nøpne» greier og må passast på heile tida. Ei brusflaske med vatn som står på hovudet i jorda, fungerer litt på same måte som ei sjølvatningspotte, og kan vera lurt å prøva, det sparer deg for litt vatning. Det gjeld å finna alle dei lure triksa, avsluttar Berit Ullenes.