Digitale gudstenester på sjukeheimane

I kjølvatnet av pandemien laga Stavanger kirkelige fellesråd og kommunen eit alternativ til den tradisjonelle tru - og livssynsutøvinga ved alders- og sjukeheimane i Stavanger.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Det viste seg å vera så vellukka at den nye ordninga lever i beste velgåande ennå.

På grunn av koronarestriksjonene blei det begrensa moglegheiter til å ivareta bebuarar i alders- og sjukeheimar sin lovpålagde rett til trus- og livssynsutøving. Dermed fekk Stavanger kirkelige fellesråd i samarbeid med Stavanger kommune, støtte frå Statsforvaltaren til å laga ei digital songbok og digitale andaktar, berekna på denne brukargruppa.

Lokal medverking

Sokneprestane i Finnøy og Rennesøy, Terje Engstrøm og Kjetil Moldvik er begge med på å laga filmane/andaktane.

Andaktane er skreddersydde for dei eldre. Det er rolege program som får saktare enn mange mange andre program. Songane er gjenkjennelege og og er lette å synga med på.

Så langt inneheld den digitale songboka 63 salmar. Desse er tilgjengelege på Kirkene i Stavanger sin YouTube-kanal.

– Andaktsfilmane tek me vanlegvis opp i kyrkja der presten eller diakonen høyrer til. Sjåarane får også høyra litt om kyrkjebygget i tillegg til andakt og song. Filmane vert sende ein gong i veka, sundag klokka 11 på Stavanger kommune sin eigen tv-kanal på alders- og sjukeheimar. No er me i gang med å spela inn nye filmar som skal sendast i haust, fortel kommunikasjonsrådgjevar i Stavanger kirkelige fellesråd, Andreas Borge Håmsø.

Digitale gudstenester blir laga blant anna med lokale prestar frå kyrkjene i Finnøy og Rennesøy.