Sykkelfest i pøsregn på Sjernarøy

Entusiastiske barn stilte til start i årets sykkelmoro «Tour of Norway for kids» på Sjernarøy sjølv om regnet ausa ned.

Regnet hølja ned då aldersgruppa 9–12 år sette avgarde.
Publisert:
Publikum var «heilt med» under arrangementet.
Konsentrasjonen er på topp på startstreken på Sjernarøy.

Halsnøy-Sjernarøy: På Sjernarøy regna det i strie straumar då siste gruppa stilte til start. Men innsatsen var like sterk for det.

55 deltakarar stilte på startstreken på oppvekstsenteret på Aubø, kor løypa gjekk rundt fotballbanen og i området ved skulen.

-Me håpar dette skal bli ein tradisjon på Sjernarøy kvart år. Det er kjekt med litt liv og røre, seier sykkelgeneral Kine Aartun Norheim i Joker Eriksholmen til Øyposten.

Alle doningar er tillatt så lenge dei har hjul og ikkje motor, og etter løpet var det premiar til alle.

Line Sofie Nedrebø Breivik (t.v.), Maren Elise Mjølhus, Jenny Aartun Norheim med Helene Hammer Vadla på armen og Amalie Hammer Vadla var innstilt på å yta sitt aller beste.
Fullt tempo og entusiastisk publikum på Sjernarøy.