God vannkvalitet i Ryfylke: Finn målingane her

Badeplassane i Finnøy og Rennesøy ligg svært godt an.

Samtlege målte badeplasser i Finnøy og Rennesøy har høg kvalitet på vatnet.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

FINNØY: Kommunen har kart over badeplassar, vasskvalitet og temperatur.

Dette er til god hjelp når du har tenkt å tilbringa ein dag på stranda. Badetemperaurane blir målte automatisk to gonger i timen.

Klokka 1200 i dag, 1.juli var det 18,4 grader i sjøen ved Fåholmen badeplass. Kjekt å vita for dei som har tenkt seg dit.

Stavanger var fyrst ute med å testa løysinga med automatiske badetemperaturar. No er ordninga utvida til badeplassar i heile landet.

Nyttig info

Kvaliteten på badevatnet blir sjekka seks gonger i perioden juni – august på 35 små og store badeplassar. Prøvane blir analyserete for tarmbakteriar.

Resultata av prøvane er klare eit par dagar etter prøvedato.

Det blir tatt nye prøvar 11. juli, 26. juli, 9. august og 23. august.

Desse badeplassane i Finnøy og Rennesøy besto siste test 27. juni

  • Prestvågen, Vikevåg
  • Kadlaneset, Mosterøy
  • Sandvik, Østhusvik
  • Hedlevik, Askje
  • Skorpefjell, Mosterøy
  • Sokn camping
  • Breivik, Vestre Åmøy
  • Fåholmen badeplass
  • Kvitevik badeområde
  • Steinnesvåg