Inger Lise (H) byr på snacks og to øyrer

Ein av høgres kandidatar frå øyane har laga eit heilt nytt opplegg inn mot kommunevalet.

Frå måndagens møte i gardsbutikken til Utstein gard; på benken til venstre ser me lengst framme Inger Lise Rettedal frå klostergarden og Åse Marit Hodnefjell frå saniteten. På benken til høgre sit lengst framme Jon Tore Helland frå kystlaget og historielaget på Rennesøy og næringsaktør og brannvaktleiar Stian Herrebrøden.
Publisert:

– Eg har laga eit konsept som heiter «poteter og politikk», seier Inger Lise Rettedal på Utstein gard:

Ein gong i månaden inviterer ho ulike interessepersonar til garden der ho serverer enkel mat og drikke og lyttar til det dei har å seie.

– Vanlegvis i valkampar er det politikarar som snakkar og folk som lyttar, seier Rettedal.

Gode innspel

I juni var temaet oppvekst og utdanning. Måndag denne veka, siste måndagen i juli, var temaet bygdeutvikling. Ti ressurspersonar frå Rennesøy og delvis Finnøy kom for å fortelje om kva dei saknar frå politikarane i den snart fire år gamle storkommunen Stavanger.

– Eg fekk mange gode innspel og folk er positive til sjølve opplegget, seier Rettedal.

Kvifor tar det så lang tid å få gang- og sykkelvegar? Kvifor tar det så lang tid å utvikle eit sentrum i Vikevåg? Korleis vinne fram i Stavanger kommunes store byråkrati? Dette var tre spørsmål som gjekk att.

Klar ambisjon

Høgre har ambisjonar om ordførarskifte i Stavanger etter kommunevalet 11. september. På partiets liste er det fire kandidatar frå Finnøy og to frå Rennesøy. Ingen av desse står så høgt oppe at dei har stemmetillegg, så dei treng kumulering frå veljarane for å kome inn i det 67 medlemmer store kommunestyret.

– Me forventar at Høgre vil gjere eit relativt godt val, og eg har ein klar ambisjon om å bli valt inn, seier Inger Lise Rettedal.

Ho driv Utstein gard på Klosterøy. Etternamnet kjem frå at ho er gift med barnebarnet til gamleordførar Arne Rettedal.

Inger Lise Rettedal utanfor gardsbutikken i naustet rett nedanfor Utstein kloster.

– Eg sat i bystyret frå 1995 til 1999 for Stavanger Unge Høyre, og eg var første vara til Stortinget frå 2001 til 2005. Nå håpar eg å gjere eit comeback i kommunestyret, seier ho.

Nok utfordringar

Under måndagens «poteter og politikk»-møte blei det løfta fram fleire problemstillingar for øyane. To «knøttsmå» musikkorps på Rennesøy og Mosterøy kjempar for å overleve. Mastra idrettslag og Rennesøy fotballklubb saknar banehus og fasilitetar som vil gjere det lettare å halde på ungdommen. Rennesøy kystlag og Rennesøy historielag ønskjer eit hus i Vikevåg for å syne fram maritim kultur.

Frode Selvaag, kjent som Ryfylkekokken, trakk fram at på Finnøy ligg sentralidrettsanlegget slik plassert at alle må køyrast med bil til og frå kampar og trening. Her er gang- og sykkelveg eit svar, og nå er den i alle fall stikka ut frå Judaberg til Nådå.

– Fleire har opplevd at ting blir trenert. Som politikarar må me få ting til å skje, seier Inger Lise Rettedal etter snakket og snacksen i naustet på Klosterøy.

Publisert: