Jublar for gratis skulemat – slik ordnar skulane seg

Tre skular i Rennesøy og Finnøy kommunedelar vil tilby skulemat til elevane frå skulestart i august.

Rektor Bente Tjelta ved Finnøy skule gler seg til å gå i gang med gratis skulemat til elevane. Maten vil leverast på skulen i kassar, og dei vil få same mat som elevane ved dei meir sentrale skulane.
Publisert:

I vår blei det i formannskapet vedteke at ordninga med gratis skulemat frå hausten 2023 skal omfatte Finnøy, Rennesøy og Vikevåg skular.

Rektor Bente Tjelta fortel at det skal vere tilbod om gratis skulemat til elevane tre dagar i veka på Finnøy skule. Ein av dagane skal vere varmmat.

– Maten blir levert i kassar til kvar enkel klasse. Elevane hentar matkassa slik dei hentar mjølk.

Dei får tilført midlar til ein 20 prosent stilling for å administrere ordninga.

– Oppgåver for denne kan vera å rydda, passa på at matkassene kjem på plass, organisera eventuelle fellesmåltid for trinn eller grupper av trinn og tenka ut kreative tiltak som hindrar matsvinn, svarar ho på spørsmål frå Øyposten.

Vikevåg skule med i ordninga

På Vikevåg skule er rektor Marianne Kahrs spent på korleis ordninga vil fungere. Det er ei ny ordning, og dei har aldri vore med på noko slikt før.

– Me har til intensjon å få til dette på best mogleg måte, seier ho til Øyposten.

Som Finnøy skule, skal også Vikevåg skule gje tilbod om varm mat tysdagar og brødmåltid onsdagar og torsdagar.

Ryfylkekokken sine forventningar

Frode Selvaag er positiv til ordninga.

Ryfylkekokken Frode Selvaag brenn for opplysning om sunt kosthald, og har saman med kjendiskokken Arne Brimi starta måltidskonseptet «Eit godt måltid». Konseptet er eigentleg er retta mot barnehagebarn, men han har likevel eit godt grunnlag for å meine noko om godt kosthald for skuleborn.

Han har sjølv to barn som går på Finnøy skule, og er ikkje bekymra for at kommunen sitt tilbod ikkje vil vere basert på sunn og god mat. Han meiner at gratis skulemat er eit godt tiltak, og fortel at han har store forventningar til korleis skulane klarer å bygge opp tilbodet.

– Dei må kanskje tilpasse etter kvart som dei ser kva som fungerer og ikkje fungerer, men det trur eg at dei får til, seier han til Øyposten.

Meiner rammene er viktigast

– Det som eg tenker er viktig, er at skulen legg opp til ein god måltidsoppleving. Dei må skape rammer for ei god stund rundt måltidet, og ikkje minst må barna få nok tid til å ete.

Han framhevar at han ikkje er tilhengjar av skjermtid når barna skal ete. Skjermen tek fokus vekk ifrå maten, og barna blir avleia så dei ikkje får i seg nok mat før dei må ut i friminutt.

– Samstundes vonar eg at skulane greier å skape ro rundt måltida, så elevane kan oppleve dette som ein roleg og positiv pause i skuledagen.

Samarbeidsutvalet nøgd

Leiar av samarbeidsutvalet ved Finnøy skule, Agata Klawikowska, seier til Øyposten at ho er positiv til ordninga.

– Barn treng matpakkar som er sunne og store nok til å dekke næringsbehovet for heile skuledagen. Det er og meir freistande å ete fersk mat som ikkje har ligge mange timar i sekken. Difor meiner me at gratis skulemat er eit godt tiltak som når alle elevane.

Klawikowska meiner at dette kan vere bra for både klassemiljøet og læringa.

– Sjølvsagt kan det vere behov for litt prøving og feiling no i starten, for dette er noko heilt nytt som aldri har vore forsøkt her ved skulen. Men me trur det blir bra.

Ho legg til at ho personleg gler seg til å sleppe å lage tre gonger fire matpakker i veka.

Ingen oppvekstsenter

Også oppvekstsentera på Sjernarøy, Fogn og Ombo har vist interesse for å bli valt ut til ordninga med gratis skulemat. Dei fekk ikkje vere med i prosjektet. Kommunedirektøren skriv i sin vurdering av saka at det er geografiske årsaker til at dei ikkje blei valt denne gongen.

I saka frå kommunedirektøren står det også at formannskapet ber om at arbeidet med å greia ut kva som skal til for å utvide ordninga til også å gjelde dei tre oppvekstsentera skal starte.

Hilde Juul, rektor ved oppvekstsentera seier i e-post til Øyposten at ho vonar at kommunen snart vil finne ei løysing også for dei ikkje-landfaste skulane. Ho stadfestar at kommunen arbeider for å få til dette.

Publisert: