Geir Helge Rygg er i ferd med å rydde seg ut av kontoret i andre etasje på innbyggartorget på Judaberg. Når julefreden snart senkar seg, er han pensjonist.

– Me ser meir usikkerheit i verda, og faren for matvarekrise kjem tettare på, seier han:

– Så har me bonden som ein truga art, ikkje sant vel. Bonden skal oppfylle mange krav og i tillegg leve det gode liv. Det er ikkje sjølvsagt at nokon vil overta.

Mellom by og land

Geir Helge er ein bygut frå Stavanger, men ikkje sånn erkebygut. Han vaks opp på Tasta, der by og land gjekk hand i hand på 1960-talet.

– Me hadde naturen tett på. Me fanga kråkeungar og fôra dei opp, fortel han:

– Eg hadde kolonihage, tropefuglar, skjelpadde og akvarium. Då me laga herbarium på skulen, var det veldig kjekt, huskar eg. Det må ha låge någe der.

Kort sagt: Geir Helge tok agronomutdanning og jobba etter kvart 25 år i landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland. Då dei statlege forvaltningsoppgåvene blei litt traurig rutine, kom han i 2014 tilfeldig over eit vikariat som landbruksrådgivar i Rennesøy kommune.

Resten er øyhistorie. Geir Helge blei snart landbrukssjef i Rennesøy, og frå 2020 i nye Stavanger med sete på Judaberg.

Tett på bonden

– Som landbrukssjef har eg kome tett på utøvarane:

– Eg har fått ærefrykt for bøndene og arbeidet dei gjer. Eg har sett kor mykje dei legg inn i det. Nokre investerer ti millionar kroner for å få sjansen til å jobbe tolv timar i døgnet.

Han har elles latt seg imponere over det faglege nivået.

– Fleire mjølkebønder her ute er blant dei flinkaste i landet. Bøndene i øyane er fagleg flinke.

Så dreg Geir Helge inn eit dystrare perspektiv. Landbruket i Stavanger har veldig mykje grasproduksjon, fortel Geir Helge, samtidig som folk har blitt skeptiske til raudt kjøt. Raudt kjøt vil sei storfe og sau, nett dei husdyra som kan gjere om gras til menneskemat:

– Det som skapar dei grøne øyane er beitedyr, og då er me heilt avhengige av bonden. Utan beitedyr gror landskapet igjen med lyssiv og bjørk.

Eit bindeledd

For å kome inn på kontoret til den avtroppande landbrukssjefen må me skrive oss inn på ein skjerm nede i resepsjonen og vise til at me har ein avtale.

Geir Helge Rygg i porten til landbrukskontoret, der folk må registrere seg. Foto: Sigbjørn Høidalen

Eg lurar på om dei må sikre seg mot terroristar, men Geir Helge avkreftar det. Han er tvert imot oppteken av at landbrukskontoret skal jobbe med å knyte saman administrasjon, politikk og bonde, fortel han:

– Innbyggartorget har begynt med bondekafé her kvar torsdag, og det har vore ein god suksess.

Då kan han gå ned og menge seg med bøndene. Det utgjer vel noko av forskjellen frå jobben han i si tid hadde i landbruksavdelinga hos Fylkesmannen.

Elles handlar jobben som landbrukssjef om å forvalte diverse lovverk og om å betale ut ganske mykje pengar. Landbruket er avhengig av store tilskot frå staten.

– Mitt viktigaste bidrag i jobben har vore å halde stø kurs i landbrukspolitikken, behandle bøndene likt og å betale ut det som er rett og rektig, seier Geir Helge.

Dyrke sjølv

Me pratar litt om forskjellane mellom Finnøy og Rennesøy. Han meiner å sjå at Finnøy har greidd å skape eit meir tydeleg sentrum enn Rennesøy, og at folk på Finnøy er betre til å møte opp når det er noko.

Samstundes ser han mange kvalitetar sør i øyriket òg. Han nemner blant anna dei utvalde kulturlandskapa av nasjonal interesse, som det så fint heiter, på Rennesøy.

Til jul blir han pensjonist. Då skal han framover bruke meir tid i hagen heime i Sunde i Madla bydel, ikkje så langt frå Tasta, paradiset frå barndomen der han fôra fram kråker:

– Eg ser fram til å dyrke noko sjølv i hagen. Dessutan har eg båt, og eg likar å fiske og trene. Eg har alle mine tre born buande på Austlandet, men kona og eg er forankra på Vestlandet. Det er noko med landskapet og sjølufta. Eg ser det meir og meir.